Øystein B. Gjellestad med hattrick då Vats94/Skjoldar vann heile 10-0 mot Ferkingstad.  Her frå kamp mot Etne.
Arkivfoto: Magne Skålnes
Øystein B. Gjellestad med hattrick då Vats94/Skjoldar vann heile 10-0 mot Ferkingstad. Her frå kamp mot Etne. Arkivfoto: Magne Skålnes

Vats94/Skjoldar vann 10-0

Dei lokale laga gjorde god fangst i sjuande serierunde i 5. divisjon.

Ferkingstad tok imot eit heiltent Vats94/Skjoldar-lag torsdag kveld. Bortelaget gav seg ikkje før det låg ti ballar i nettet bak eit svimmelt Ferkingstad-forsvar. Øystein Berge Gjellestad (3), Mandius Vårvik (2), Joachim Aasbø Frøland (2), Svein Halldor Skare, Kjetil Ohm og Morten Frøland sørga for tosifra skåringsorgie for dei gul/svarte.

Etne tok turen til Stord og kom heim med tre poeng etter å ha slått Leirvik BK 0-3. Eirik Haugen (2) og Kristoffer Grønstad tok seg av skåringane.

Etne inntok med dette tabelltoppen med 16 poeng. Skudenes ligg med 15 poeng med to kampar til gode på Etne. Vats94/Skjoldar ligg på 4. plass med sine 12 poeng.

Ølen møtte Hemmingstad i Rogalands-cupen torsdag kveld, og det enda med tap 1-3. Som i seriekampen mot same lag vart det høg temperatur, og ein spelar frå kvart lag vart vist det raude kortet. Emil Hundhammer skåra for heimelaget Ølen i ein heller svak forestilling av raudtrøyene.