Øystein Stjern (t.v.) frå IKM Elektro og Kåre Topnes fra Westcon Power & Automation samarbeider.
Øystein Stjern (t.v.) frå IKM Elektro og Kåre Topnes fra Westcon Power & Automation samarbeider.

Westcon i ny allianse

Westcon Power & Automation har innleia samarbeid med IKM Elektro og IKM Instrutek innan leveransar av utstyr som skal forhindre gasseksplosjonar.

Dei skriv i ei pressemelding at dei vil tilby kundane eit komplett Ex Lifecycle Program. Ex-utstyr er spesiallaga for å forhindre eksplosjoar i gassutsette områder, og Westcon har over fleire år utvikla det dei beskriv som eit optimalt støtteverktøy til eksisterande vedlikehaldssystem på sokkelen.

Med verktøyet Inspectio kan Westcon tilby periodisk inspeksjon, reparasjon og modifikasjon (IRM) på Ex-utstyr til sine kundar, utan endringar på eksistarende vedlikehaldssystem. Verktøyet blir en viktig komponent i tilbodet til alliansen mellom Westcon og IKM, skriv verksemdene i ei pressemelding.

— Vi erfarer at riggeigarar og operatørar har sterk fokus på sikkerhet og heiskapleg dokumentasjon innan Ex-utstyr på oljeinstallasjonar. Ved å inngå en allianse med IKM har me en seriøs og sterk samarbeidspartnar med stor kapasitet som tek vare på det roterande Ex-utstyret, seier sals og Kåre Topnes, leiar for sas- og forretningsutvikling innan olje og gass i Westcon Power & Automation.