Etnecup er liv og røre, og rundt 2000 fekk prøve seg med ball. Her frå finalekampen for gutar 13 år mellom Etne og Kopervik. Sistnemnde har frispark. Foto: Jon Edvardsen
Etnecup er liv og røre, og rundt 2000 fekk prøve seg med ball. Her frå finalekampen for gutar 13 år mellom Etne og Kopervik. Sistnemnde har frispark. Foto: Jon Edvardsen

Cupen gjekk som smurt

Årets Etnecup med rundt to tusen deltakarar har gått knirkefritt, opplyser cupleiar Roar Gundegjerde.

Kjempefint, er oppsummeringa han gir både for innkvartering, trafikk og servering.

Cupen vart avslutta i dag med finalar for jenter og gutar i aldersklassa 13 år som er dei eldste. Her spelte Etne kamp mot Kopervik som drog det lengste strået 1-2.

For jenter 13 år var Hinna Fotball som kunne hente pokalen heim.

Grannar har reportasje frå Etnecupen i avisa i morgon.