Tur til Løkjelsvatnet.
Foto: Petter Hermans
Tur til Løkjelsvatnet. Foto: Petter HermansBilde 1 av 38
På veg til Stråtveit i Vats.
Foto: Ellen Hatteland
På veg til Stråtveit i Vats. Foto: Ellen HattelandBilde 2 av 38
Trolsk stemning. Tur til Dyrskarvatnet, Vikebygd.
Foto: Lillian Handeland
Trolsk stemning. Tur til Dyrskarvatnet, Vikebygd. Foto: Lillian HandelandBilde 3 av 38
Fatet, ei heilt spesiell flyttblokk som ligg midt i stien høgt oppe Imslandsfjella. Køyr til endes på Ølmedalsvatnet, vidare til Brattaland gard og følg merka løype.
Foto: Bodil Imsland
Fatet, ei heilt spesiell flyttblokk som ligg midt i stien høgt oppe Imslandsfjella. Køyr til endes på Ølmedalsvatnet, vidare til Brattaland gard og følg merka løype. Foto: Bodil ImslandBilde 4 av 38
Dei gamle tyskerbunkersane på Dreganeset i Ølen er spennande å utforska for store og små.
Foto: Elisabeth Markhus
Dei gamle tyskerbunkersane på Dreganeset i Ølen er spennande å utforska for store og små. Foto: Elisabeth MarkhusBilde 5 av 38
Vakkert landskap i Verdalen, mellom Frette og Sævareid. Ein fin tur på ca to timar frå Lauareidsvingen oppover den gamle stølsvegen
Foto: Janne Kristin Håheim
Vakkert landskap i Verdalen, mellom Frette og Sævareid. Ein fin tur på ca to timar frå Lauareidsvingen oppover den gamle stølsvegen Foto: Janne Kristin HåheimBilde 6 av 38
Frå Gråhorga, som du når både frå Bjoa og Ølensvåg, har fotografen fanga inn ein rigg i fjorden ved Romsa. Flott utsikt for den som tar turen.
Foto: Lars Toadalen
Frå Gråhorga, som du når både frå Bjoa og Ølensvåg, har fotografen fanga inn ein rigg i fjorden ved Romsa. Flott utsikt for den som tar turen. Foto: Lars Toadalen Bilde 7 av 38
På ein klar og flott dag gir ein tur Hodlanstadnuten nydeleg utsikt mot Etne og nordvestover. Frå Berge er turen til topps unnagjort i løpet av ein liten time. Foto: Marte Jordal
Fin utsikt frå Hodlestadnueten i Etne, eit av bilda som var med i fjorårets fotokonkurranse til Sommarmagasinet. Foto: Marte JordalBilde 8 av 38
Frå klippene ved Hardeland i Etne. Fantastisk utsikt og ikkje minst luftig.
Foto: Ida Hermans
Frå klippene ved Hardeland i Etne. Fantastisk utsikt og ikkje minst luftig. Foto: Ida HermansBilde 9 av 38
Pause på veg opp til Løkjelsvatn i Etnefjellet, med nydelig utsikt. 
Foto: Petter Hermans.



Foto: Petter Hermans
Pause på veg opp til Løkjelsvatn i Etnefjellet, med nydelig utsikt. Foto: Petter Hermans. Foto: Petter HermansBilde 10 av 38
Vakker solnedgang ved Bjoa båthamn.
Foto: Signy Nygård Mortensen
Vakker solnedgang ved Bjoa båthamn. Foto: Signy Nygård MortensenBilde 11 av 38
Dette fotoet blei trekt ut som vinnarbildet i fjor. Ørnenibba er Ølmedal si eiga «Trolltunge» og ligg mellom Breiaskar og Tinden. Konkurransen gjorde at mange fekk auga opp for denne ukjente attraksjonen. Foto: Bodil Imsland
Ørnenibba ovanfor Ølmedal er eit ynda turmål for mange fjellvandrarar. Også her ragar nibba fleire hundre meter over bakken, og ein skal ikkje vera så redd for høgda om ein vågar seg ut på tuppen. Foto: Bodil ImslandBilde 12 av 38
Tur i Kolbeinslia, Bjoa.
Foto: Camilla Vik
Tur i Kolbeinslia, Bjoa. Foto: Camilla VikBilde 13 av 38
Utsikt til Hestanipen i Vikedal.
Foto: Dagny Sandvik Nernes
Utsikt til Hestanipen i Vikedal. Foto: Dagny Sandvik NernesBilde 14 av 38
Ved Stråtveit i Vats.
Foto: Ellen Hatteland
Ved Stråtveit i Vats. Foto: Ellen HattelandBilde 15 av 38
På veg opp til Åksla i Vats. Magisk stemning med tåke og sol og lysets fargespel.
Foto: Ida Hermans
På veg opp til Åksla i Vats. Magisk stemning med tåke og sol og lysets fargespel. Foto: Ida HermansBilde 16 av 38
Padling i vakre Stordalsvatnet med flott utsikt og mektige fjell. På bildet Ida Hermans.
Foto: INGA Turid HermaNS
Padling i vakre Stordalsvatnet med flott utsikt og mektige fjell. På bildet Ida Hermans. Foto: INGA Turid HermaNSBilde 17 av 38
Bratt tur opp. Nepene ved Hardeland i Etne.
Foto: Jorunn Grindheim
Bratt tur opp. Nepene ved Hardeland i Etne. Foto: Jorunn GrindheimBilde 18 av 38
Nymfer fell ved stemmen i Skånevik.
Foto: Karianne Taraldsøy
Nymfer fell ved stemmen i Skånevik. Foto: Karianne TaraldsøyBilde 19 av 38
Vatnet i Etneelva er sjølve spegelen.
Foto: Karianne Taraldsøy
Vatnet i Etneelva er sjølve spegelen. Foto: Karianne TaraldsøyBilde 20 av 38
Formkontrastar utover Etnefjorden.
Foto: Karianne Taraldsøy
Formkontrastar utover Etnefjorden. Foto: Karianne TaraldsøyBilde 21 av 38
Sola kjærteiknar Stordalen, Etne.
Foto: Karianne Taraldsøy
Sola kjærteiknar Stordalen, Etne. Foto: Karianne TaraldsøyBilde 22 av 38
Som eit hus, karakteristisk stein i Skjold.
Foto: Kirsten Hansen
Som eit hus, karakteristisk stein i Skjold. Foto: Kirsten HansenBilde 23 av 38
Frå Trommenuten i Imsland.
Foto: Kjersti L. Skibevåg
Frå Trommenuten i Imsland. Foto: Kjersti L. SkibevågBilde 24 av 38
Ein speilblank fjord. Tatt frå Osnes i Etne.
Foto: Kristin Øye Gjerde
Ein speilblank fjord. Tatt frå Osnes i Etne. Foto: Kristin Øye GjerdeBilde 25 av 38
Utsikt frå Hovda i Vats.
Foto: Lillian Handeland
Utsikt frå Hovda i Vats. Foto: Lillian HandelandBilde 26 av 38
Frå Stigane ved Hardeland i Etne.
Foto: Petter Hermans
Frå Stigane ved Hardeland i Etne. Foto: Petter HermansBilde 27 av 38
ålefiske i Bjoa båthamn.
Foto: Signy Nygård Mortensen
ålefiske i Bjoa båthamn. Foto: Signy Nygård MortensenBilde 28 av 38
Solnedgang på Bjoa.
Foto: Signy Nygård Mortensen
Solnedgang på Bjoa. Foto: Signy Nygård MortensenBilde 29 av 38
Ut på tur i Ølensvåg!.På veg til Middagshaugen og Vågstjønn.  Thor Ove Lunde, med sønnene Markus og Odin klatra opp på ein stor stein.
Foto: Silje Grønnestad-Lunde
Ut på tur i Ølensvåg!.På veg til Middagshaugen og Vågstjønn. Thor Ove Lunde, med sønnene Markus og Odin klatra opp på ein stor stein. Foto: Silje Grønnestad-LundeBilde 30 av 38
Fisketur i Ålfjorden.
Foto: Sverre Emil Grunnaleite
Fisketur i Ålfjorden. Foto: Sverre Emil GrunnaleiteBilde 31 av 38
Flott kveldsstund ved Draganeset, Ølen.
Foto; Wenche Sandbekken Lilleland
Flott kveldsstund ved Draganeset, Ølen. Foto; Wenche Sandbekken LillelandBilde 32 av 38
Stordalsvatnet ein fin dag.
Foto: Ågot Aakra
Stordalsvatnet ein fin dag. Foto: Ågot AakraBilde 33 av 38
Solnedgang tatt frå Hodlestadanuten, Etne.
Foto: Bjørnar Grindheim
Solnedgang tatt frå Hodlestadanuten, Etne. Foto: Bjørnar GrindheimBilde 34 av 38
Nattleg kos. Telttur ved Flåtevatn.
Foto: Thorbjørn Samland
Nattleg kos. Telttur ved Flåtevatn. Foto: Thorbjørn SamlandBilde 35 av 38
Utsikt over Åmsosen Grånuten i Vats.
Foto: Kjersti L. Skipevåg
Utsikt over Åmsosen Grånuten i Vats. Foto: Kjersti L. SkipevågBilde 36 av 38
Spennande merke etter istida.  Frå Trommenuten i Imsland.
Foto: Kjersti L. Skikevåg
Spennande merke etter istida. Frå Trommenuten i Imsland. Foto: Kjersti L. SkikevågBilde 37 av 38
Utsikt over Vatsbygda frå Kjort.
Foto: Kjersti L. Skipevåg
Utsikt over Vatsbygda frå Kjort. Foto: Kjersti L. SkipevågBilde 38 av 38

Sjå flotte lesarbilde!

Eit bilde som viser det spektakulære i naturen, og eit flott turmål som er relativt ukjent.

Bildet frå Ørneneibba overfor Ølmedal i Imsland blei plukka ut som vinnarbildet i Grannar sin fotokonkurranse til årets Sommarmagasin. Det kom inn mange og svært gode bidrag frå lesarane, og det var fleire kandidatar som merka seg ut godt ut både teknisk og motivmessig. Dei innkome bilda viser at Etne og Vindafjord er rik på flotte stader og naturperler som er verdt å utforska.

Vinnarbildet er tatt av Bodil Imsland (47). Det oppfyller på ein god måte kriteria som konkurransen spurde etter; det unike i naturen vår, løftar fram eit mål for turfolket og har med person som gir bildet eit perspektiv. Her kjem også den flotte utsikta over gardar, bygd og fjord svært godt fram. Dei mange bidraga til fotokonkurransen viser  at det er flust av flinke fotografar blant Grannar-lesarane som har sans for detaljar og gode komposisjonar, henta frå naturen i distriktet.

— Bildet er tatt på ein tur nå i vår, og det er sonen, Oskar Marvik på 14 år, som har stilt seg ute på nibba, opplyser fotografen, Bodil Imsland, lærar ved skulen i Imsland og busett på ein av gardane nedafor spissen av nibba.

Ho fortel at familien elskar å gå på tur, at ferda går ofte opp i Imslandsfjellet og at fotografering alltid er ein del av utflukta. Sjølv om ho er oppvaksen i Ølmedal, viste ho ikkje om naturskatten Ørnenibba før nyleg. Fatet, ei karakteristisk flyttblokk som ligg i same fjellområde, er bygda sin representant i årets  fjellturopplegg i regi av Vindafjord kommune. For å koma til den spesielle nibba må ein ta av til venstre frå merka løype og fylgja fjelldraget sørover mot nuten Tinden.

Grannar vil takka alle som deltok i fotokonkurransen til årets sommarmagasin. Me presenterer bidraga som kom inn. Målet vårt har vore å få fram det flotte og spesielle i naturen i våre to kommunar, og inspirera turfolket til å finna fram til nye og spennande mål.

Ha ein god tursommar!

Arne Frøkedal
redaktør