Imponerande beløp. Russen på Lundeneset vgs har totalt samla inn 1.105.000 kroner til NLM i løpet av russetida. Russepresident Judith Emelie Hageberg og prosjektansvarleg David Hovda (midten) saman med rektor Gustav Løge Fosse og informasjonsrådgivar i NLM, Elise Haugland.
Foto: Anne Karine Stautland
Imponerande beløp. Russen på Lundeneset vgs har totalt samla inn 1.105.000 kroner til NLM i løpet av russetida. Russepresident Judith Emelie Hageberg og prosjektansvarleg David Hovda (midten) saman med rektor Gustav Løge Fosse og informasjonsrådgivar i NLM, Elise Haugland. Foto: Anne Karine Stautland

Få kan måla seg med desse

Over éin million kroner kan russen ved Lundeneset vgs senda til Afrika. Dei har slått den eitt år gamle innsamlingsrekorden ved skulen.

Medan russ flest er kjent for sine mange speloppar, har avgangselevane ved det private, kristne Lundeneset videregående skole i Ølensvåg tradisjon for også å bruka tredjeåret til det nyttige for andre. Siste skuleår har ikkje vore noko unntak, og på avslutningsfesten fredag kunne ein sjekk på éin million og femtitusen kroner overrekkast.

Mottakar av rekordbeløpet frå Lundenes-russen var Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Og det var ein imponert informasjonsrådgjevar Elise Haugland i organisasjonen som mottok sjekken øyremerka arbeid i Aust-Afrika.

Til vatn og betre helse

Ho takka for pengegåva og engasjementet, og håpte elevane ville ta med seg denne innsatsen for andre vidare i livet. Haugland understreka at pengane frå russen sitt misjonsprosjekt vil gi menneske i Aust-Afrika vatn, betre helse og leseopplæring.

Dei innsamla midlane går også til medie- og internettarbeid, evangeliseringsarbeid og ein bibelskule i Tanzania.

I tillegg fekk Lundeneset vgs ein sjekk på 55.000 kroner som skal gå til miljøtiltak ved den kristne internatskulen i Ølensvåg.

Stolt russepresident

Totalbeløpet på 1.105.000 kroner har dei vel 60 avgangselevane fått inn ved ulike tiltak og arrangement, blant anna ved å halda basar, misjonsløp, Grand Prix og fast givarteneste.

— Då me starta, hadde eg aldri trudd at beløpet ville bli så stort. Eg er svært stolt av russen og det arbeidet me har gjort, seier russepresident Judith Emelie Hageberg.

Sjølvsagt er det ein noko uhøgtidleg kamp mellom kvart russekull om å vera best i denne årlege innsamlinga. Også i fjor passerte summen éin million kroner; nærmare bestemt 1.060.000 kroner, som også var rekord på Lundeneset. Den gong gjekk mesteparten av midlane til NML sitt arbeid i Japan.