Fire av seks køyrde for fort

Tysdag morgon gjennomførte politiet ein fartskontroll på E134 i 60-sona ved Knapphus. I løpet av den to timer lange kontrollen, frå klokka 04.30 til 06.30, vart seks biler kontrollerte. Fire av sjåførane fekk forenkla førelegg. — Ein nokså høg prosentdel med for høg fart, slår lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor fast. Høgaste fart var 79 kilometer i timen.