Køyrde i fjellveggen

Fem personar i alderen 18 til 21 år frå Grannar-distriktet var involverte i ei trafikkulykke på riksveg 9 sør for Hovden sundag ettermiddag.

Etter det Grannar erfarer var dei fem ein del av eit følgje på til saman åtte vener busette i Etne og Vindafjord som hadde vore på ei privat reise til Danmark. Fem av dei skal ha vore i éin bil, dei tre andre i ein annan bil.

Det var bilen med fem personar som køyrde i fjellveggen sør for Hovden i Bykle kommune. I bilen sat tre menn, ein fødd i 1995 og to i 1996, og to kvinner, begge fødde i 1998. Det var ein mann som køyrde bilen.

Alle lettare skadde

Den hardast skadde personen, ei kvinne, vart flydd til Sørlandet Sykehus i Arendal med ambulansehelikopter, medan eit Sea King redningshelikopter flaug dei fire andre til Stavanger universitetssjukehus.

Informasjonssjef Rune Nesdal Jonassen ved Sørlandet Sykehus seier til Grannar måndag at kvinna som vart sendt til Arendal, er lettare skadd, altså ikkje alvorleg som fleire lokale media meldte først. Kvinna vart operert måndag.

Alle dei fire som vart sende til Stavanger universitetssjukehus, med det sjukehuset i ei pressemelding beskriv som lettare skadar, vart skrivne ut måndag.

Ifølgje politibetjent Nina Nilsen ved Valle og Bykle lensmannskontor har ulykkesbilen køyrd av vegen i ei slakk høgrekurve, om lag fem minuttar køyring sør for Hovden sentrum, mellom basen til verksemda Hovden Fjellfly AS og ei skytebane.

— Bilen har snurra og var vend med fronten sørover etter ulykka, fortel Nilsen.

Politibetjenten fortel at eit vitne skal ha sett ulykkesbilen gjere ei uforsvarleg forbikøyring i forkant av ulykka.

— Men denne forbikøyringa kan me ikkje setje i samanheng med sjølve ulykka som skjedde nokre kilometer lenger nord, presiserer Nilsen.

Det skal ikkje ha vore vitne til sjølve ulykka.

Ingen av dei fem som sat i bilen, var avhøyrde då Grannar snakka med lensmannskontoret ved 12-tida måndag.

Ikkje mistanke om rus

Det var dagslys, fint vêr og tørt føre då ulykka skjedde.

— Det er ikkje mistanke om ruskøyring, legg politibetjent Nilsen til.

Sjåføren har rutinemessig blitt mellombels fråteken førarkortet etter ulykka.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 19. Brann og ambulansepersonell var på staden om lag ti minutt etterpå, medan politiet, som har base i Valle, lenger sør i den lange Setesdalen, kom til staden 30-45 minutt etter meldinga kom. Vegen vart stengd i halvannan time i begge retningar som følgje av ulykka.

Dei tre andre venene kom nokre minutt etter at den første bilen køyrde i fjellveggen. Då hadde ein annan bilist allereie varsla naudetatane om hendinga. I kva grad dei tre fekk oppfølging på staden hadde ikkje politibetjent Nilsen opplysningar om då Grannar snakka med henne måndag.

— Dei snakka litt med politiet, utover det hadde naudetatane nok med å ivareta dei fem i ulykkesbilen, seier ho.