Meld for promille

Mannen vart stoppa litt før klokka sju laurdag kveld, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt. Sjåføren hevda at promillen måtte vere frå det han drakk dagen før, men ifølgje politiet ser lova likt på ny og gammal promille, og han blir meld for å ha køyrt bil i påverka tilstand.