Ny kamp står for tur for Etne jenter 11 år, og trenar Åshild Gundgjerde, Anna Serine Hansen og Sara Hovda gledar seg til å kome i gang i finvêret. Foto: Jon Edvardsen
Ny kamp står for tur for Etne jenter 11 år, og trenar Åshild Gundgjerde, Anna Serine Hansen og Sara Hovda gledar seg til å kome i gang i finvêret. Foto: Jon Edvardsen

Spente før kamp på cup

Mest moro, men også litt spente før kampane på årets cupeventyr i Etne.

Fleire kampar er spelte, men mange gjenstår for Etnecup nummer 36 som starta i går, og held fram til ut på dagen i morgon.

— Det er kjempekjekt å vere med, seier Sara Hovda som speler på Etne sitt lag for jenter elleve år.

Ho få får støtte av medspelar Anna Serine Hansen som synest resultatet betyr litt også.

— Det er litt ekstra å vinne kampar, men det er kjekt uansett resultat. Det er fotball som er gøy, meiner dei to.

Begge har vore med på fotballcupen tidlegare og har gledd seg til årets dyst.

 Mange jenter

Litt spente er dei før neste kamp som går mot Vaulen IL frå Stavanger. Etne-laget vann mot Stord i går, og spelte uavgjort mot Stegaberg i dag.

Trenar Åshild Gundegjerde rapporterer om god stemning i jentelaget.

— Det er 20 jenter som speler i denne aldersgruppa, og vi stiller med to lag, fortel ho.

Vêret med skiftande skydekke og fin temperatur har stått cupen bi.

Årets cup har 155 lag med og to tusen deltakarar.