Tre til legesjekk

Ein personbil og ein bil med hestetilhengar var involvert i ei trafikkulukke på E134 vest for Knapphus rett før klokka seks måndag kveld, melder operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Det var ei møteulukke med relativt store skadar på bilane. Hestane vart lasta om og det oppstod kø på staden.

Ifølgje Haugesunds Avis er det oppretta sak, og ei ung kvinne som sat i bilen utan hengar, er mistenkt for å ikkje ha tatt nok omsyn i trafikken.

Det var ein periode med mykje regn i distriktet ut over ettermiddagen.