Det er travle dagar for Ingrid Lunde. Ho er nettopp ferdig med Europa Tour-turnering i Romania. Nå står Student-VM i Estland på progammet til sandvolley-spelaren frå Ølensvåg.
FOTO: LARS K. AALGAARD
Det er travle dagar for Ingrid Lunde. Ho er nettopp ferdig med Europa Tour-turnering i Romania. Nå står Student-VM i Estland på progammet til sandvolley-spelaren frå Ølensvåg. FOTO: LARS K. AALGAARD

6.plass i Student-VM

Ingrid Lunde og makker Oda Ulveseth spelar Student-VM i Estland. Etter mange harde kampar mot gode lag, kjempa dei seg fram til finaledagen og spelte mot Tyskland om 5.plassen.

Då Lunde og Ulveseth slo Frankrike gjekk dei videre til neste runde, og skulle spele mot Tyskland i kampen om 5.plassen. Stillinga vart til slutt 2-1 til Tyskland etter hard kamp. Lunde og makker vant første sett 21-14, men Tyskland kom sterkt tilbake med 21-12. Dermed måtte ein ekstra omgang til, der jentene frå Tyskland vant med stillinga 18-16.

Lunde og makker har nettopp avslutta Europa Tour-turneringa i Romania, før Student-VM i Estland byrja, og kunne då melde om at samspelet byrja å sitte betre. Målet var å gjere det like bra i Student-VM. Også i Romania tok Lunde og Ulveseth 6.plassen.

– Me har spelt mange kampar og klart å avgjere kampane. Det er kjekt å kjenne på at treninga me la inn i vinter gir resultat, seier Ingrid Lunde.