Ber om statsrådmøte

Ordførarane i Etne og Vindafjord, Siri Klokkerstuen (Ap) og Ole Johan Vierdal (Sp)  har skrive brev til landbruks- og matminister Jon Georg Dale og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og ber om møte om kommunestrukturprosessen. Det blir vist til at dei to kommunane har vedtatt intensjonsavtale om samanslåing og skal ha folkerøysting måndag 26. september. Ordførarane ynskjer spesielt å drøfta konsekvensane av ein eventuell overgang for Etne frå Hordaland til Rogaland, og viser til at deler av landbruket med dette kjem dårlegare ut. På møtet ynskjer dei difor å få avklart rammevilkåra for landbruket i den nye kommunen i god tid før folkerøystinga. Ordførarane ser det som viktig å få møta den politiske leiinga for båe departementa.