Ingrid Lunde får styrka kapital til Volleyballskule-prosjektet sitt av Spirafondet, som blir utdelt av Etne Sparebank.
FOTO: LARS K. AALGAARD
Ingrid Lunde må sjå at OL-toget gjekk utan at ho var om bord. ARKIVFOTO: LARS K. AALGAARD

Tap mot USA

Ingrid Lunde og makker Oda Ulveseth spelte seg fram til runde tre då dei slo Sveits 1-2 (18-21, 21-17, 16-18) i runde to i turneringa. Då hadde dei allereie vist god figur på sandvolleyballbanen i puljespelet.

Ingrid Lunde viste til at favorittane hennar under turneringa var USA, og det var nettopp USA dei møtte i runde tre.

– Det er mange gode lag som er med, men USA er nok det beste laget i turneringa, seier Lunde, som kan melde om god stemning i den norske leiren i Estland.

Witt/Witt vart hakket for sterke for jentene, og vann med stillinga 2-0 (21-14, 21-16).

Lunde og Ulveseth ser seg likevel fornøgde med turneringa.

– Me har spelt mange kampar og klart å avgjere kampane. Det er kjekt å kjenne på at treninga me la inn i vinter gir resultat, seier Ingrid Lunde.

God start på turneringa

Onsdag spela dei mot Ungarn og Russland i Student-VM i Estland og sanka poeng nok til å kjempe om å bli vinnar av pulja si på torsdag.

Jentene som nettopp har avslutta Europa Tour-turneringa i Romania har byrja å få samspelet til å sitte betre. Der enda dei til slutt på sjette plass, og håpet er å gjere det bra i Student-VM også.

– Kampane i dag har vore prega av å finne ut av vindspelet. Det bles veldig mykje, eg vil tippa godt over 10 meter per sekund. Det gav utfordringar i korleis me spelte, seier Ingrid Lunde etter kampane onsdag.

Stillinga vart 2-0 (21-13,21-14) mot Ungarn og 2-1 (19-21, 21-19,15-13) mot Russland.

– Eg synest me har klart å jobbe bra med kampane i dag. I den første kampen hadde me god kontroll. Russland klarte derimot å plukka oss mykje, men me klarte å kjempa oss til siger.

Torsdag spelte dei mot Tjekkia om å bli puljevinner, men måtte gi tapt for eit sterkare lag som vant 0-2 (14-21.17-21). 

Dermed vart det ein innleiande runde mot Japan og jentene Suzuki/Ishitsubo i kampen om sluttspel. Resultatet vart 2-0 (21-13, 21-19) til Norge, og dei gjekk vidare til neste runde mot Sveits.