Tvillingane og tenåringsidola Marcus og Martinus Gunnarsen sang for 4.000 i Skånevik sundag.
FOTO: ØYSTEIN BIRKENES
Tvillingane og tenåringsidola Marcus og Martinus Gunnarsen sang for 4.000 i Skånevik sundag. FOTO: ØYSTEIN BIRKENESBilde 1 av 3
Fansen koste seg i Skånevik. FOTO: ØYSTEIN BIRKENES
Bilde 2 av 3
Dette bildet er tatt like før klokka 13.30 sundag. Ein og ein halv time før tenåringsidola Marcus og Martinus etter planen skal på scena i Skånevik.
MMS-FOTO: PRIVAT
Dette bildet er tatt like før klokka 13.30 sundag. Ein og ein halv time før tenåringsidola Marcus og Martinus etter planen skal på scena i Skånevik. MMS-FOTO: PRIVATBilde 3 av 3

Marcus og Martinus samla tusenvis

Gleda fansen i Skånevik.

Av Sirianne Vikestad og Torstein Nymoen

Den populære Pippi-festivalen har vore godt besøkt, men det som drog mest folk til Skånevik sundag var utvilsamt tenåringsidola Marcus & Martinus. 14-åringane frå Trofors på Helgeland. Dei selde heile 4.000 billetter (fullt) til konserten på grusbanen.

– Me gler oss veldig til ein ny stor happening i Skånevik, sa Alf Warloe Christophersen, som fekk dei populære artistane til å vitja bygda.

Då portane til Marcus & Martinus-konserten opna klokka 13, to timar før dei skål stå på scenen, var det allereie mykje folk. Men det gjekk roleg føre seg, ifølgje folk Grannar snakke med.

Marcus og Martinus har vore mykje framme, både på VG-lista og «Sommer i dyreparken» på TV2. Tvillingane som slo igjennom med «To dråper vann» i MGPjr i 2012, har sidan det herja hitlistene med blant anna «Elektrisk», «Plystre på deg» og «Girls». Sistnevnte er ein av dei nye låtane gutane kom ut med i byrjinga av sommaren.

Populariteten rundt artistane har vore så stor at konsertar er blitt avlyst i Sverige i den seinare tida, men Alf Warloe Christophersen forsikra at dei kom til å ha god kontroll.

– Det er vanskeleg å samanlikne dei arrangementa med vårt, då dei var mykje større. Me har ikkje dei tilstandane her i Skånevik. Sikkerheita er høgt prioritet med vaktar og Røde Kors som kjem til å ta vare på publikum når dei kjem. Me opnar dørene to timar før konserten startar, slik at det blir god tid til å komme seg inn på arenaen, sa Christophersen til Grannar før helga.

Meir frå Marcus og Martinus-konserten i Skånevik finn du i papiravisa torsdag.