Maryna Novik gjorde to gode konkurransar under NM i friidrett.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Maryna Novik gjorde to gode konkurransar under NM i friidrett. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Niande plass på 10.000 m

Maryna Novik (34) gjorde ikkje skam på IF Klypetussen då ho i helga var klubbens første representant i NM friidrett.

Sundag sprang Novik 10.000 meter og kom i mål som nummer ni under under meisterskapen som gjekk på Askøy. Løparen frå Vikedalsdalen som representerer IF Klypetussen, fekk tida 36.17.16 i eit ufyseleg vêr. Det var halvanna minutt bak vinnaren, Live Solheimsdal frå Vidar. Tolv løparar stilte til start og berre tre av desse hadde gjennomført distansen tidlegare i sesongen.

Novik blei nummer ti på 5.000 meteren fredag kveld som den første løparen frå Klypetussen i eit NM. Ho knuste sin eigen ferske klubbrekord med 18 sekundar. Tida blei 17.18.63. 17 løparar stod på startstreken og 34-åringen held følgje med hovudfeltet i ca. 2000 meter. I mål var det god avstand fram til vinnaren. 34-åringen N har spesialisert seg på langløp på landeveg og i terreng og har lita erfaring med konkurransar på bane.