Ingrid Frølich og Torleif Sørli frå Bergen let seg ikkje skremme av litt regn. Dei er godt skodde for ein flott bluesfest i helga. Foto: Sirianne Vikestad
Ingrid Frølich og Torleif Sørli frå Bergen let seg ikkje skremme av litt regn. Dei er godt skodde for ein flott bluesfest i helga. Foto: Sirianne Vikestad

Rocka inn i blueshelga

I staden for regn skylte det både bluestonar og rocketonar utover publikum i Skånevik i går.

Det såg lenge surt ut for Skånevik Bluesfestival med regn sideslengs inn fjorden og inn på konsertarenaen utenfor House of Blues. Men tilskodarar frå fjern og nær kunne seinare nyta både blues- og rocketonar langt ut i sommarnatta utan ein regndråpe.

Bluestonar i gang

20-årsjubileet starta godt med tonar frå dei norske banda Tito Lausteen Quartet, Joe Rusi og Kindred Fever. Det store oppmøtet av folk let vente på seg til ein gammal kjenning, Walter Trout frå USA, inntok scena. Til ære for den kjente gitaristen Gary Moore let han fingrane treffa bluestonane på gitaren, og bluesfesten var med det kommen skikkelig i gang.

– Det er godt å vera tilbake i Skånevik, ropte Walter Trout frå scena, til publikums store begeistring.

Då Nazareth sine rocketonar skylte over publikum, var stemninga på topp og nostalgien stor blant den litt eldre garde som hadde tatt turen for å sjå gamle heltar på scena.

Gode sommarminne

Ingrid Frølich og Torleif Sørli var blant dei som hadde tatt turen  frå Bergen, og dei gledde seg som mange andre til resten av blueshelga.

– Eg elskar å vera her, seier ei smilande bergensdame med sydvest på snei, og fortel at far hennar har mange flotte sommarminne frå Skånevik.

Nok ei blueshelg er i gang i alle fall, og fleire sommarminne skal det bli. Fredag står nemleg  Beth Hart på scena, og før ho, spelar mellom anna Admiral P, Morudes og BB Lyngs Bluesband. Laurdag blir det sving på foten med Lita Ford, CC Cowboys, Never The Bride, BluesPills og mange fleire.