Roleg Roots for politiet

Helgas Rootsfestival i Vikedal med fleire tusen gjester tilstades, har gått roleg for seg, sett frå politiet sin ståstad. Konstituert lensmann i Vindafjord, Vidar Haraldseid opplyser til Grannar at politiet ikkje har hatt alvorlege saker under den tre dagar lange musikkfestivalen. Politiet har vore i aksjon ved eit par tilfelle der det var snakk om å visa bort overstadig berusa personar.