Lita Ford var blant toppartistane som avslutta bluesen laurdag kveld. 
Foto: Gunnar Langeland
Lita Ford var blant toppartistane som avslutta bluesen laurdag kveld. Foto: Gunnar Langeland

Trossa vêret

Over 10.000 fant vegen til Skånevik i løpet av blueshelga.

Folk kledde seg etter vêret og brydde seg lite om regnet som ausa ned over Skånevik laurdag. Konserten i hotellhagen vart flytta innandørs, men elles gjekk alt som planlagt. — Det var stappfullt med folk og også på laurdag hadde me masse kjente artistar som mellom anna Lita Ford og CC Cowboys. Og så hadde me ei fantastisk gjenforeining med Berge og Flåten. Dei hadde ikkje spelt saman på 15 år og mange kom for å sjå og høyra duoen, fortel festivalsjefen Alf Warloe Christophersen og sender ein stor takk til alle dei frivillige som har vore med og dratt lasset.

— Mange har vore med i alle dei 20 åra Bluesfestivalen har eksistert. Dei gjer alle ein fantastisk jobb, seier han.

Besøkstalet for årets festival ser ut til å bli litt i overkant av fjorårets og vil enda på over 10.000.