Alf Erlend Johannessen, Hailey Mortensen og Judith Johannessen kosa seg på stranda i Vikedal tidleg i juni.
Arkivfoto: Torstein Nymoen
Alf Erlend Johannessen, Hailey Mortensen og Judith Johannessen kosa seg på stranda i Vikedal tidleg i juni. Arkivfoto: Torstein Nymoen

Varmast på forsommaren

Varmen dei siste dagane kan ikkje måla seg med temperaturen som Etne og Vindafjord opplevde tidlegare på sommaren.

Onsdag blei det på Meteorologisk institutt sin vêrstasjon i Nedre Vats målt 25,5 gradar. Lågast i juli var måndag sjuande med berre 5,2 gradar. Samla nedbør var 165,2 mm.

Mest nedbør på eitt døger i perioden var 26,4 mm (25. juni).

Høgste temperatur målt i Vats det siste året var 28,9 gradar (2. juli i fjor). Tala frå instituttet viser at varmaste dag i årets sommar var så tidleg som 3. juni med 27,3 gradar. Nokre dagar før, 31. mai blei det målt 26,1 gradar på denne stasjonen i Vindafjord.

Helga me går inn i byr på fine temperaturar på godt over 20 varmegrader, og sol med ein del skyer. Utover i neste veke går temperaturen ned til godt under 20 og det er varsla ein god del regn.

Så lang har årets fellesferie ikkje bydd på det beste sommarvêret.