Kristoffer Grønstad blir ikkje lett å stoppe i 5. div i år. Her i treningskamp mot Vats 94/Skjoldar. Foto: Magne Skålnes
Ordna 1-0. Kristoffer Grønstad er puljen sin toppskårar med 19 mål. Arkivfoto: Magne Skålnes

Etne vann igjen

Etne IL er i siget i 5. divisjon fotball denne hausten og tok torsdag kveld sin andre siger på rad. Karmøy-laget Nord var vertskap denne gongen, og då dommaren blæs av kunne Etne-spelarane jubla for fire mot tre mål. Kristoffer Grønstad kom til å prega oppgjeret med tre fulltreffarar. Åsmund Norheim ordna eitt, på straffe. Stillinga ved pause var 0-1.

Med 31 poeng er laget klart best av dei lokale så lang i seriesesongen, men snart ventar tøffe oppgjer mot både Vats 94 Skjoldar (9. september) og Ølen (17. september). Opp til topplaget Skudenes er det seks poeng. På grunn av omlegging av seriesystemet, er det berre topplaget som har mogelegheit for opprykk.