Frank Abelseth gjev sine instruksar i kampen mot Hemmingstad. Foto: Magne Skålnes
Frank Abelseth gjev sine instruksar i kampen mot Hemmingstad. Foto: Magne Skålnes

Frank Abelseth ny trenar i Vats94/Skjoldar

Det vart eit knepent heimetap 1-2 mot Hemmingstad i den første haustkampen fredag kveld.

Vats94/Skjoldar meldte tidlegare i veka om at Frank Abelseth hadde tatt over som A-lagstrenar for klubben. Han overtek jobben etter Eyvind Eidhammer som gav seg etter vårsesongen. Fredag kveld møtte laget Hemmingstad til første haustkampen i Vats.

Kampen inneheldt heile tre straffar og eitt raudt kort. Bortelaget leia 0-2 til pause, men heimelaget kom sterkt i 2. omgang.  Det blei med ei redusering, sett inn av Morten Frøland frå straffemerket.

Vats94/Skjoldar ligg på 4. plass med 21 poeng, medan Hemmingstad ligg på 3. plass med 24 poeng etter kampen. Skudenes tronar på topp med 34 poeng, medan Etne ligg på 2. plass med 25 poeng. Ølen ligg á poeng med Vats94/Skjoldar, men med ein kamp til gode.

Les meir om den dramatiske kampen og den nye trenaren i papiravisa på mandag.