Ferjekaien i Skånevik er eit sentralt knutepunkt for reisande gjennom bygda. Terje Eikemo frå Utåker er humørfylt ferjebilletør på MF «Kvinnherad» på sambåndet Skånevik-Matre-Utåker.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Ferjekaien i Skånevik er eit sentralt knutepunkt for reisande gjennom bygda. Terje Eikemo frå Utåker er humørfylt ferjebilletør på MF «Kvinnherad» på sambåndet Skånevik-Matre-Utåker. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Skåneviksferja på topp

Av 19 ferjesamband i Hordaland er det MF «Kvinnherad» som toppar lista

I sommar har NRK Hordaland sjekka ut alle dei 19 ferjerutene som er å finna i fylket, og rangert dei frå topp til botn. Øvst på lista finn ein MF «Kvinnherad» som går på strekninga Skånevik-Matre-Utåker, og NRK omtalar den som «ferja som har alt».

Best på service og fasilitetar

Det er ferjeanmeldar og NRK-reportar Oddgeir Øystese som etter 19 flotte, og mindre flotte ferjeturar i Hordaland feller dommen, og han meiner ferjesambandet Skånevik-Matre-Utåker byr på den flottaste ferjeturen. Sambandet får heile 27 poeng av 40 moglege og toppar lista, før Sævrøy–Fedje på andre plass, og Utbjoa–Fjellberg–Borgundsøy–Sydnes på tredje.

Folk følgjer med og er interesserte i dette med ferjer

— Ferja skårar best på service og fasilitetar, med ein kafé som byr på heimelaga vaflar, sveler og potetstappe. I tillegg til komlemiddag kvar torsdag, seier Øystese til NRK.

Han gir også plusspoeng for frosta HSD-logo på glasdørene i salongen, og det faktum at bilane må rygga på ferja ved Matre kai. Øystese er i det heile raus med superlativa, og noko av det han også trekkjer fram i positive ordlag er den gledelge overraskinga med at eit samband med så lite trafikk har ein open kafeteria. 

Subjektiv kåring

Øystese understrekar at kåringa har vore høgst subjektiv og entusiasmen frå lyttarar og lesarar har vore stor. For kvar sak som har gått på radioen og blitt publisert på nett, har NRK-reportaren fått tilbakemeldingar på telefon og mail.

— Folk følgjer med og er interesserte i dette med ferjer. Det er noko som har vore med oss i alle år, og me er framleis avhengige av dei. Folk forstår også at dette er ei subjektiv vurdering og ikkje fasiten, men det kan kanskje vera ein god guide til gode ferjeopplevingar i fylket, seier Øystese.

Fredag 26. august kjem NRK Hordaland til å senda heile si ettermiddagssending på P1, direkte frå MF «Kvinnherad»