Håvard Nordtveit er tilbake i heimtraktene på ferie ein månads tid før det ber til England og London for sesonsopplading med West-Ham. Foto: Øystein Birkenes
Håvard Nordtveit på besøk heime i Vats i sommar. Nå får han sjansen til å spela seg inn på landslaget etter uttak av troppen til neste kvalifiseringskamp mot VM. Foto: Øystein Birkenes

Tap i Premier League-debuten

Måndag kveld blei ein stor dag i Håvard Nordtveit sin fotballkariære, sjølv om det ikkje blei ein sportsleg suksess.

Så har vatsbuen Håvard Nordtveit (26) endeleg fått sin debut i verdas største og mest prestisjetunge fotball-liga. Med nummer 4 på ryggen, var vindafjordingen i startoppstillinga til West Ham under måndagens Premier League, i derbyoppgjer mot Chelsea på Stamford Brigde.

Og det blei ein svært tøff sesongstart både for Nordtveit, og for det nye laget hans som imponerte stort i førre sesong. Heimelaget Chelsea, ein av favorittane til å ta Premier League-tittelen,  var det klart beste laget og resultatet 2-1 var heilt fortent.

Vatsbuen hadde rolla som defensiv midtbanespelar, og mot tekniske gode og raske motstandarar, blei det ei vanskeleg oppgåve for Nordtveit og West Ham sitt forsvar.

Det stod 0-0 ved pause, men Chelsea tok leiinga tidleg etter sidebyte. West Ham utlikna i det 77. minutt, ti minuttar etter at Nordtveit var blitt bytta ut med den franske landslagsstjerna Dimitri Peyet. Gjestene kom betre med i kampen, men eitt minutt før full tid fekk heimelaget mål nummer to og ein draumestart på årets sesong i England.

Nordtveit greidde aldri å markera seg i kampen og treng truleg tid til å omstilla seg frå den tyske stilen til den meir tøffare britiske fotballen. Han fekk heller ikkje topp attest av TV2-ekspert Brede Hangeland. Den tidlegare Engeland-proffen meinte at nordmannen stort sett gjorde det enkelt og greitt, men at eit par stygge feilpasningar lett kunne ha straffa seg.

Debuten i London kom ni år etter at Håvard Nordtveit sensasjonelt blei selt til frå FK Haugesund til Arsenal. Ein gutedraum har blitt oppfylt.