Anmeldt for bruk av peparspray

Spraya ned festdeltakarar

Ein mann i 30-åra vart natt til søndag pågripen i Ølen etter at han hadde spraya ned festdeltakarar med peparspray. Mannen hadde dessutan ein slosshanske på seg. Han blei sett i arresten og anmeldt for ordensforstyrring, kroppsskade, forulemping av offentleg tenestemann og krenking av våpenlov, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.