Vindafjord-politikarane fekk eit overveldande nei frå folket måndag kveld. Steinar Skartland (KrF), Gerd Kvamme (Frp), Reidar Håvås (ap), Per Fatland (H) og ordførar Ole JOhan Vierdal (sp) er glade for at folk har gitt så tydeleg svar.
Foto: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Vindafjord-politikarane fekk eit overveldande nei frå folket måndag kveld. Steinar Skartland (KrF), Gerd Kvamme (Frp), Reidar Håvås (ap), Per Fatland (H) og ordførar Ole JOhan Vierdal (sp) er glade for at folk har gitt så tydeleg svar. Foto: IRENE MÆLAND HARALDSEN

Glade for klart svar

Sjølv om ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) har fronta ja sida, finn han ingen grunn til å ta eit klart nei resultat med dårleg humør.

Sjølv om resultatet ikkje blei slik alle hadde håpa på er det ingen av dei politiske partia som ser nokon grunn til å vera leie seg. Dei er alle glade for at resultatet har blitt så tydeleg, og er klar til å jobba vidare utan Etne med på laget.

 — Me har bede folket om eit klart svar og det har me fått. Eg ser ingen problem med det, seier ordførar Vierdal og tek det tydelege nei resultatet med godt mot.

— Samarbeidet med Etne vil fortsetja, og eg trur me vil bli knyta meir og meir saman i framtida, seier han.

Reidar Håvås (Ap) har i heile prosessen fronta nei-sida, og meiner resultatet er eit døme på at folk har gjort eit fornuftig val.

— Vindafjordingane har gjort eit val etter hovudet. Dei har stemt på det som er best, seier Håvås nøgd som såg at mange i heimbygda Skjold røysta nei.