Hamna på jorde

Ved 12-tida onsdag køyrde ein polsk-registrert semitrailer på veg vestover av vegen og hamna utpå eit jorde ved Kyrping i Etne. Bilberging vart tilkalla for å få køyretøyet på vegen igjen, og det var nokre trafikale utfordringar på E134 under bergingsarbeidet. Årsaka til hendinga er ikkje kjend, men politiet har ifølgje lensmann Ingvar Gjærde ikkje mistanke om ruskøyring.