Norges Røde Kors veit ikkje kven som trakk ut milliongevinsten i Skånevik, og folk sjekke pantelappane sine.
FOTO: PANTELOTTERIET
Norges Røde Kors veit ikkje kven som trakk ut milliongevinsten i Skånevik, og folk sjekke pantelappane sine. FOTO: PANTELOTTERIET

Leitar etter heldiggris

Nokon har vunne ein million kroner i Skånevik. Men Røde Kors finn ikkje vinnaren.

Torsdag vart ein førebels ukjent person millionær i Skånevik, med tomflasker som innsats.

Det skjedde på Spar Skånevik, då den som panta trykte på knappen for Pantelotteriet, og fekk toppgevinsten på ein million kroner i lotteriet til Norges Røde kors.

Leiteaksjon

No ber Røde Kors om at vinnaren tek kontakt, for ved 11-tida fredag hadde ingen tatt kontakt for å innkassere den store gevinsten.

— Me har jo god erfaring med å søke etter sakna personar, men dette er ein litt anna situasjon, humrar Leif Arne Løvereide, dagleg leiar i Etne Røde Kors.

—  Eg håper ei etterlysing i media kan hjelpe oss, slik at pantemillionæren kjem til rette, seier han.

Om ikkje vinnaren meld seg innen 90 dagar går pengane tilbake til Røde Kors.

Røde Kors ber alle som har panta på Spar Skånevik torsdag sjekke pantelappen sin.

Pantelotteriet er ein av Røde Kors sine viktigaste inntektskjelder. I fjor fekk dei 30 millionar kroner frå lotteriet. I år passerer dei 150 millionar kroner.

— Me er svært takknemleg for alle som trykk på Røde Kors-knappen når dei pantar, men akkurat disse pengene er det ein nybakt millionær som skal få, seier Løvereide.

Pantemillionær nr. 40

– Det er kjekt at det skjer her og ikkje berre i byane. Og utrolig kjekt for den som har vunne, seier en overraska butikksjef hos Spar Skånevik, Rolf Vassbrekke.

Pantemillionæren i Skånevik er den 40. personen som vinn ein million i lotteriet, og den sjette som vinn toppgevinsten i Hordaland.