120413 Etne forteljefestivalen. Magnhild M. Kleppa

Presenterer kommunekartet

I dag legg Fylkesmannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa fram si innstilling til kommunereforma. NRK Rogaland sender direkte frå møtet som startar kl. 12.00.

Magnhild Meltveit Kleppa sin presentasjon startar kl. 12.30. NRK Rogaland startar sendinga ein halvtime før, og brukar tida til å henta inn kommentarar og skapa forventningar. Øystein Ellingsen og Johan Mihle Laugaland blir programleiarar.

Plant dei påmeldte til møtet i Stavanger er ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og rådmann Kristian Birkeland frå Vindafjord kommunen. Dette skjer dagen etter at innbyggjarane i Vindafjord med overveldande fleirtal sa nei til samanslåing med Etne kommune under folkerøystinga.

Alle kommunar i Rogaland har nå gjort sine kommuneformvedtak og Fylkesmannen har fri til fram til 1. oktober med å gi vår tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fylkesmannen skal på sjølvstendig grunnlag gjera ei vurdering av kommunestrukturen i fylket etter at kommunane har gjort sine vedtak.

— Det er ikkje me som skal ta avgjerd om kommunestruktur, men me skal bidra til eit fagleg avgjerdsgrunnlag fram mot avgjerd i Stortinget, melder Fylkesmannen i Rogaland.

Hovudmålgruppa for dagens samling er den politiske og administrative leiinga i kommunane.

Sjå sendinga under