Siger for Ølen

Ølen gjekk av med sigeren i kampen mot Kopervik på heimebane fredag kveld og vann med to mot eitt mål. — Dette var ein spanande kamp heile vegen og me vann fortent. Kampen var tett og jamn og me skapte fleire sjansar enn motstandaren, seier trenar Ole Arne Pedersen og ser lyst på plasseringa i 5. divisjons tabellen så langt. — Nå ligg me på 3. plass og det er me relativt nøgd med. Det er fire kampar igjen så førebels ser det bra ut, seier han og skryt over spelarane på laget. — me har eit ungt lag, og ungdommane gjer ein god jobb, seier han.