Streik kan ramma SØK

Konflikten mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS Bedrift og fagforeiningane EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat, blir trappa opp ved slutten av veke. Dersom det ikkje blir semje mellom partane på Energiavtale I, blir 14 nye bedrifter tatt ut i streik.

Blant desse er Skånevik Ølen Kraftlag der alle 16 tilsette som er organiserte i EL & IT Forbundet, vil streika frå fredag. Dette er tilsette innan kontor- og resepsjonsmedarbeidarar, samt montørar som jobbar ute i felten.

Frå før av har dei fire arbeidstakarane tatt ut 230 organiserte i streik.