Fekk sleng på hengar

Ingen vart skada då to trailerar støytte saman på E134 i Stordalen i 10-tida måndag. Hendinga skjedde på den gamle delen av E134, i nærleiken av Vikatrebekken, om lag tre kilometer aust for Håfoss. — Ein av trailerane skal ha fått sleng på ein hengar som har treft ein annan trailer, fortel operasjonsleiar Mina Fagerland ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar. Det vart materielle skadar, men køyretøya vart raskt fjerna veg frå køyrebanen.