Kolliderte i Ilsvåg

To bilar kolliderte i Ilsvåg på fylkesveg 46 i Vindafjord cirka klokka 13.45 fredag. Det var ein person i den eine bilen, tre i den andre. Ingen kom fysisk til skade, men tre personar vart sendt til legevakt med sjokkskadar, opplyser operasjonsleiar Trond Børge Åsbu ved Sør-Vest politidisitrkt. Det var materielle skadar på begge køyretøy, og vegen var stengd i litt under ein time etter ulykka.