Uavgjort mot Leirvik

Fredagens kamp mot Leirvik enda med uavgjort for Etne laget på heimebane og resultatet blei til slutt 5 mål til kvart lag. Dermed ligg Etne nå på ein 4. plass i divisjonen før dei fire siste kampane denne sesongen. Trenar Ronny Moe er sånn passe nøgd med resultatet. — Me kunne vore mykje betre. Kampen starta bra og me leia med 2 mål tidleg. Men etter 68 minutt fekk me ein utvisning. Me kom sterkare tilbake mot slutten. Heile kampen gjekk i bølgjer, seier Moe litt skuffa. Laget har som mål å koma blant dei fem beste i 5. divisjon, men med fire kampar igjen er Moe ikkje overtydd om at oppgåva blir enkel. — Me burde hatt fleire poeng på denne kampen, seier han.