Vinnaren gjekk frå kvitteringa ved automaten i Skånevik, og millionpremien går nå til Norges Røde Kors.
Illustrasjon: Pantelotteriet
Vinnaren gjekk frå kvitteringa ved automaten i Skånevik, og millionpremien går nå til Norges Røde Kors. Illustrasjon: Pantelotteriet

Milliongevinsten til Røde Kors

Pantelotteriet har bestemt at den uavhenta milliongevinsten som gjekk inn ved panteautomaten i Skånevik i førre veke, går til Norges Røde Kors.

Pantelotteriet har ikkje greidd å spora vinnaren, men har nå fått tilsendt kvitteringa, eller vinnarkupongen, frå Spar Skånevik. Ifylgje konsesjonsreglane skal uavhenta premiar gå til Norges Røde Kors.

— Dette er ein  heilt spesiell situasjon som eg ikkje har vore borti før. Truleg dreier det seg om ein ubevisst person som har gått frå pantemaskinen med kvitteringa hengande på i ein stressa situasjon, eller som ynskjer å donera pengane til Røde Kors, seier dagleg leiar Gaute Langdal i Pantelotteriet til Grannar.

Dei har nå fått tilsendt kvitteringa etter at den blei tatt hand om av personalet ved butikken, og Langdal rosar Spar Skånevik for profesjonell og ryddig opptreden.

Les ogsåLeitar etter heldiggris

Som Grannar tidlegare har skrive, var det ein ukjent person som var innom butikken i Skånevik med tomflasker torsdag i førre veke. Trass omtale lokalavisa, har vinnaren ikkje meldt seg, og Pantelotteriet ser det nå som vanskeleg eller umogeleg å få verifisert kven dette er. Difor er reglane klare; pengepremien går til dei som står bak pantemaskinen; Norges Røde Kors, og halvparten av premien til lokallaget, i dette tilfelle Etne Røde Kors.

Har nokon kasta ein million?

— Og det er jo det som er poenget med heile pantemaskinen, å skaffa midlar til drift av Norges Røde Kors, men sjølvsagt har me vondt av vinnaren. Opplegget har så langt tilført organisasjonen 148,5 millionar kroner, pluss denne millionen, seier Langdal.

Les meir om saka i torsdagens papirutgåve av Grannar.