Kari Aakra bloggar
19.august
Jaja, så sånn e de…
Me er altfor høflege. Difor slit me oss ut med tørrprat. Men nå gidd eg ikkje meir.
Det er ein uskriven regel når du tar buss; Det kjem aldri på folk du kjenner GODT, eller berre heilt frammande. Det kjem derimot alltid på «kjenningar», denne kategorien av folk som du kjenner litt, nok til at ein er på hels, nok til at vedkommande føler han/ho bør setja seg ned i sete på sida av deg, nok til at eg latar som om det var høgst velkomme, men IKKJE nok til at me hadde noko å snakka om lenger enn ca eitt par kilometer. På veg til Stavanger ein sliten søndagskveld var det ikkje til unngå. Personen hadde ikkje noko ønskje om å tilbringa turen ved sida av meg, eg såg iPoden og VG var klar i handa. Men me måtte vera høflege, og vaksne nok til å ikkje lata som om me ikkje såg kvarandre. Me overlevde til Aksdal, men E39 til Arsvågen var tong og smertefullt uinteressant. Begge kjende på det, og me byrja gå på tomgong. «jadå….sååå… de…. Neidå, men… elles då?»
Etter ferja over Boknafjorden tok ei godt vaksen dame sete ved sida av min reisepartner. Det var ledig framføre ved ein heilt framand kar eg ikkje skulda eit einaste ord. Eg smilte til kjenningen bak meg, og måtte vera høfleg; «Set meg berre her eg då…», sa eg og sette meg letta ned. Men den blide høflege dama fekk det sjølvsagt med seg: «Å, kjenner de kvarandre? Ja då må de få sitja saman. Me kan byta plass me». Eg måtte høfleg takka ja for tilbodet. Den siste halvtimen til Stavanger varte i tre timar..
I høflegheitas namn.
Etter bussen er gjerne kassakøen ein av dei større utfordringane på området. Nyleg var eg involvert i følgjande samtale i ein kø på butikken:
— Jaja, du e å handla du og??
— Jadå, må det vettu. Å du står i kø ser eg?
— Ja, du vett, de må te.
— Pleie vara sånn.
— Jadå, så sånn e de.
— Jadå, så de…. Neidå, men va nå ikkje så gale i dag.
— Neidå de har vore varre.
— Ja, seie de! Ofta møkje varre. Så de..
— Elles då?
— Nei, går me de samma, å du?
— De putla nå på. Dagadne går fort.
— Ja, di fyke…
— Jallfal nå på sommaren, så varmt å fint.
— Ja, jysele fint ute. Varmt og.
— Jadå, e så flott atte. Men di har meldt regn neste veka.
— Å? Jaja, grett e og. Kan ble litt for torrt.
— Ja, e sant de…
— Så jodå, neidå…så…
På dette tidpunktet byrja me begge å bli desperate. Dama i kassen kjende fortvilinga osa av oss, og sette opp farten. Eg kunne ikkje unngå å leggja merke til at personen føre meg i køen hadde mange interessante varer i korga si, nærast alle med potensiale til å bli interessant, kanskje frekt, men i det minste innhaldsrikt samtaletema. Men ein skal jo vera høfleg, ikkje forviten og ein skal jo ikkje kikka oppi handlekorgene til folk. Det ville jo vera frekt, så slikt gjer me ikkje.
Eg haldt fram med dei dumme spørsmåla. I høflegheitas namn.
Verst av alt er elefanten som bur på venterommet på legekontoret. Elefanten er signalraud og diger, sit på fanga til kvar og ein av dei som sit der: «Kva skal DU hjå legen?» Det ville vore naturleg. Men me må jo vera høflege. Så kjem samtalen att: Det pleier byrja med eitt «Hei! De va lenge si!» Så er me i gang. Ueeeeeendeleg seige minutt der du faktisk gler deg til å koma deg inn til legen. Det er att å fram om søsken, foreldre, jobb og bustad. Vanlegvis skjer det ikkje allverdas spennande ting, og kvardagen er den same utan dei store hendigane. Korleis me då likevel klara tvinga fram dei mest utruleg inkjeseiande tema, forstår eg ikkje. Eg hadde faktisk vore interessert i å høyra korleis helsetilstanden til folk er. Men det kan eg ikkje spørja om. I staden spelar eg forviten på om kva vedkommande synest om å ha jobb i 75 prosent, etter å ha gått opp frå 60.
I høflegheitas namn.
Høflegheita er ei tvangstrøye, og tvingar fram tørrpraten. Eg vurdera å ta første steget i å vera ærleg og forviten i kampen mot pinleg stille pausar og drepande tørrprat:
Eg ska vara ærlig å be kjenningen på bussen setja seg ein annan stad, då eg føretrekk å sjå tomt ut i lufta enn å prata om ingenting. Om eg likevel blir sitjande ved sida av skal ærlegdomen få første prioritet, og me skal ikkje lengre la de vera tabu.
— Off, eg håpa me har nok å snakka om på denna turen te at me sleppe la de ble pinlig. Viss me ikkje finne på noko meir å prata om, kan de vara eg heller velge å stå i midtgongen lenger bak. Håpa de e OK.
På legekontoret er det allereie innlysande at me e der for helsa si skuld. Så kvifor ikkje snakka om det? Eg stemmer for eit open og inkluderande ventekontor: «Ka så feila deg då?»
Deretter kan folk dela erfaringar…
« Åja. De har eg og hatt. Men hjå meg va de endå varre….!! Kin fekk du de av?»
Eg skal vera frampå, glo ned i handlekorgene og ta initiativ til eit sprekare tema enn kassakøen.
«Jaja, du spara varken på penger elle kalorier når du handla inn te heljo du, nei?» « Våga du handla kondomar på Rema altså? De e ganske modigt»
Kanskje ein av oss vil ble fornærma, eller det ville blitt litt ampert, men skitt la gå – det hadde i det minste blitt litt nerve, temperatur, og noko ektefølt ved det heile. Og truleg alt anna enn tørt.
Vedkommande er dermed hjartelig velkomne til å kommentera mi upassande handlekorg med same krutt, ærlegheit å meining.
I den interessante samtalens namn.
Me snakkast!
- Kari
Ny 26.november!
Umoderande, uten smak elle behag
Eg e ein livsnytar. Livsnyting e ein utgått kunst så e erstatta av allslags løgne forsøk på å gjera de sunnt å nyta live. Ikkje barre tere nytingo på samvittigheten. Det e óg blitt et totalt brot me alt så e moteriktig. Samfunne burde setja pris på meg, eg e ein utdøyande art.
Eg treffe min dårlige samvittighet kvar måron på vei te jobb. Samvittigheten kjeme marsjerande, i stramme treningsbokser og me vannflasko: treningsmafian, 10-12 damer, frå 20 te 60. Når min smertefulle måron ut av sengjo barre så vidt e øveståtte, kjeme eg der traskande halvdaue, sminkelause, å me kaffikoppen så einaste mål for aua. I mot meg kjeme disse uforskamma spreke damene på vei frå ein allerede effektive time me høge puls å svette. Usj… eg smile fint, og helse di go måren. Men inni meg rive samvittigheten. Helsa og kosthold, det e moten nå for tido. Tiligast mulig på dagen. Nøtta ikkje me noko aent.
Det har blitt så inn å sykla på syklar nå. Syklar så ikkje går litt framøve ein gong. Åsså ska ein sykla i flokk, inne i et rom, itte musikk, med instruktør. Ein betala jo peng for de óg sjølsagt, men ein får ikkje med seg sykkelen him av den gronn. Eg låna mamma sin sykkel av å te. An har speedometer, men de pleie eg snu ne sånn atte eg ikkje får me meg farten. Spørst om eg i de heila tatt sykla fort nok te at de bler registrert på den litle målaren. Men eg kjeme meg nå i de minsta framøve. Men ikkje på den moteriktige måten.
Ein klok mann sporte ein gong det retoriska spørsmålet: Har du noken gong sitt ein joggar så smile? Itte han sa detta synst eg han va endå klokare. Noken argumenterte med at smilet på joggaren visste seg itte økto va øve, kilometrane tebakelagt, og når den gode treningssamvittigheten slo inn. Men for all del: eg óg smile itte eg ha vore hjå tannlegen. Men de betyr ikkje at eg oppsøkje an frivilligt for de om. Jogging e et forvillande ord. Itte mi meining e de askese, i fart. Eg går helle tur. Spasera. Tusla e jedna et bedre ord. Men eg kan nå smila mens eg gjere de jaffal. Eg kan stoppa, forveta meg på trafikken så kjøre forbi elle huso eg kikka inn i. Åsså kan eg faktisk snakka når eg kjeme fram te måle, å trenge ikkje ta igjen noko pust. De e jedna ikkje moderande, men skitt la gå. Eg GÅR mot straumen.
Noken har fonne ut de e lurt å trena ondelive. De visst viktig å lera seg å knipa rett, å pusta rett, å gjera stooooooore sakte bøyelsar på adle endar av kroppen. Så vidt eg kan forstå e de de pilates går ut på. Du kan visst lera deg å slappa av òg på den måten. Men eg trur de kosta penger. Folk gjer ikkje frå deg denna typen nyfunnen vitenskap sånn heilt gratis. Men eg så ikkje har orden på økonomien har ikkje penger å broka på å lera sånt. Eg kjøpe helle Monthy Pyton elle Simpson på DVD. Då går merkelig nok avslappingo å pusten av seg sjølv. Men de e vel ein litt for lettvinte måte å finna fram te denna avslappingo å rette pusten på. Jedna litt for gammaldags? Å knipingo å bøyingo, den får du kje ved å sjå på tv, seie kanskje folk. Men still deg i dokø på saloonen ein kveld Vassendgutane spela, så ska du få god nok knipetrening. Å når de gjelde bøying så e de kje varre enn at ein omøblera leiligheten frå tid te aen. Sleppe å betala for de og. Men moteriktig e de neppe.
Alt så e rått e skikkelig moderande - «åsså kjempegodt!» seie folk. Eg lar meg ikkje øvebevisa. Viss folk vil eta rå fisk, onda illusjonenen av at de e så møkje meir kulinarisk når de bler kalt Sushi, så varsego. Samma kor fint tilberedt de e, eg lar meg ikkje lura. Samma kor moderande de e, eg lar meg ikkje øvetala. Men ska de absolutt vara rått, så kan kakedeig anbefalast. For eksempel. Kakedeigar e av de besta folk snike seg te, de e ei kjensgjerning. Detta e te og med disse sushi-disiplane klar øve, sjølv om di ikkje innrømme de. Adle lika de, men spørst om de e lika tidsriktigt så alt aent.
Åsså har me fått disse frøktele populere vinglaso te middagen, føre peisen elle på hytto. På et elle aent tidspunkt blei nordmenn meste krampaktig gla i vin, nett så mjelk: må ha de, bare må ha de. Ikkje skjønna eg koffor, men så fant jo noken ut at vin hadde et slags sunnhetsalibi, å deritte blei det visstnok ståvereint. Sjølv kan eg styra meg, sånn te dagligdags, å hanva deffor utfor de gode selskap når di ska kosa seg me et glas. Men så tenkje eg at eg pleie ta de igjen om helgane: eg tele ikkje glas, men flasker, vekselvis med ein Braastad. Eg kan vel neppe kadlast inn i tio når eg drikka cognac før eg e 40, men skitt la gå. Viss vin ska vara de nya, så ligg eg godt an, inntake e barre av ein litt aen frekvens. Ikkje trur eg de e sunt helle, men viss moten seie de så…
Ting ska ikkje steikjast meir. Di ska wokast, dampast, eller desilerast. Å ikkje ska de brokast smør, men olja eller edikk. Egg å poteter e kje bra for deg. Neivel. Selleri å ris derimot, det gjere live ditt så møkje bedre. «- Åsså e de så godt!» Eg lar meg framdeles ikkje øvebevisa samma koss ein laga de te. Wok deg ein seleri, og kok ei skål ris, og et. Så ska eg speila egg og steikja komla frå i går, så ska me sjå kin så kosa seg mest. Eg frykta moten trekke tynnaste stråe.
Helso endra seg me moten, men ærlighet vara lengst, seie folk. Livsnyteri går aldri ut på dato. Så la ås vara erlige: syklar ska få ås framøve, å steikte middag e bedre enn rå fisk
- Kari :)
_____________
Tysdag 6. oktober 2009
Krig, å fred å politikk å sånn.
Eg e jysele gla eg ikkje e politikar. Eg trur nok det er veldig månge andre òg, så e jysele gla for at eg ikkje e politikar.
Sjøl om eg på ingjen måte varken har peiling elle interessera meg sånn øve gjønosnitte for politikk, pleie eg vara spente før valjo. Nå gjekk der så der gjekk onda valje i år. Eg vingla noko i forkant før eg te slutt ombestemte meg i siste liten inne i valavlokke, å stemte på de eg hadde bestemt meg for å stemma på i juli. ( …men som eg hadde gått bort i frå i august, før eg havna på et tredje alternativ i bjyndelsen av september, før eg te slutt bestemte meg dajen før valje, men tok heilomvending bak gardino før eg putta lappen i valurno. Noko eg bjynda å lura på om eg angra på nå.)
Å stemma e vanskeligt for sånne folk så meg, sånne folk så ikkje vett opp-ned på et prinsipp, å sete si æra i å følgja straumen.
Det va så møkje enklare før, når du ikkje hadde egne meiningar, men barre konne stemma sånn så dei rondt deg gjorde. Fatta kje koffor eg i adle dagar sko bjynda å tenkja sjøl itte. Hadde vore greiare å stolt på andre fornuftige folk å sloppe tatt denna borgarplikto så voldsomt på alvor. Det e så møkje ein må ta hensyn te. Møkje så i groen ikkje angår meg, å så e så bortihampen kjedeligt.
Kontantstøtta, Lofoten-utbygging elle formueskatt er lika interessant så støvsuging. Dersom noken hadde programfesta eigne arbeidstider for b-menneske, elle å gjera «evighetsstudent» te ein reelle yrkestittel, konne eg nok engasjert meg hakket meir. Dessverre trur eg ikkje eg vil leva te å sjå noko av detta ble kampsaker.
Det e ofta greit å ha fordommar. I tidligt sjølstendige alder passa det seg me rimele sterke politiske fordommar. De pleidde gjera valjo så møkje lettare.
SV-arar va åndssnobbar å gjekk me palestinaskjerf. Dessuten va di høgkulturelle, høyrte barre på P2, å va villige te å ta latterlig høge utdanning for å leva så bohemar. De va liksom ikkje måte på idealisme. Elles va de møkje journalistar, å de va ikkje folk eg hadde serligt løst å identifisera meg me.
Venstre-folk va av den spesielle sorten. Dessuten va det umulig å fatta ka politikk di egentligt sto for. Men di va nå der. Viss det va folk eg ikkje klarte plassera på den politiske skalaen høyrte di vanligvis te i Venstre. Eg forstår framdeles ikkje ka politikk så kjeme frå den enden.
Eg va vel såpass påverka av stereotypiane at eg var øvebeviste om at det faktisk barre var bønder så stemde Senterpartiet. Eg huska eg synst adle krampaktigt forsøk frå Sp på å vara moderande ikkje klarte skjula kor trauste di egentligt va. Av ein elle aen gronn såg eg òg allti for meg at Sp-politikaradn egentligt sto i støvlar onda dressen når di blei intervjua i vandrehallen på Stortinget.
Høgre va barre kvittsnippar å ganske sossite, drakk barre fine vinar å va riksmålsfolk. Eg konne aldri sjå for meg eg ville få økonomien nok i orden te å konna stå inne for ei høgre-stemma.
Frp va som Se & Hør. Ingen ville innrømma de, men månge va enige me di. På samme måte så Se & hør va de enkelt, lettlest, å noko i det useriøsa lage. Dessuten va de ikkje politisk korrekt å stemma den slags.
Kristele folkeparti va moralske, og brokte hyppigt peikefingeren. Eg frykta eg ikkje ville fått lov te å stemma på Krf. Det bør liksom vara litt samenheng mjødlo liv å lera.
Det var litt for kjedelig å stemma Arbeidarpartiet. «Adle andre» gjorde det, dessuten meinte eg det var litt pinglete, si di te adle tider hadde fått bestemt så møkje. Di va der barre, å va dei største. Di tilførte kje serlige endringar i varken eina elle andra leio.
Nei, du å du, så gla eg va for at eg slapp vara politikar, og måtte leva me den type førestillingar mot seg.
Uvisso så kom med denna slags eigenkonstruerte konklusjonar om dei politiske partio, konne vara ei greie kvileputa. Men på et elle aent tidspunkt bjynte eg likavel innsjå at sånne innstillingar te politikken ikkje var vasstette. Det var då det blei vanskelig.
Politikarar å andre synsarar klaga støtt på presso onda valkampane. Det bler for personfokusert meina di, å politikken havna i bakgronnen. Sjølv meina eg personlighetane e det mest interessanta ved heila valgkampen. Eg dele vanligvis ut mine høgthengjande gullstjerner te politikarane på bakgrunn av person, og ikkje politikk. Eg e sikker på at valoppslutningo hadde hatt møkje å henta dersom valo gjekk på utstråling å humor i motsetning te partiprogram.
Dei løgnaste, festligaste å mest sympastiske politikarane representera ofta ein politikk eg ikkje klara å svelja, men ein kan jo ikkje hjelpa for å ble blenda av personlige sjarm i adle slags former. Å utvilsomt vil sånne ting dryppa på stemmeseddelen.
Lars Sponheim til dømes. Eg sko gjort møkje for å såte attme han på et julabord. Eg trur jedna eg ville hatt an te kjømester viss eg sko gift meg. For å sikra ein go fest, ville an vore det sikraste korte på gjestelisto. Brød å sirkus, e de kje de me vil ha?
Eg har frå andre avisfolk fått høyra at eg ubevisst har fått Liv Signe Navarsete te å le høgt itte eg hadde opplevd ein partikollega av o i ein litt uheldige situasjon. O lo meste så høgt at o ikkje klarte ta seg inn igjen. Når eg legge litt sjølironi te, ser eg jo at detta vitna om go humor hjå samferdseslministeren. Det fortena ei gullstjerna.
Om eg måtte gå åleina gjøno ei mørke bakgata ei nått, trur eg jedna eg ville gått me Siv Jensen. Av ein elle aen gronn trur eg øvefallsmenn ville spronge fort om hu hadde kvesst seg. Probleme e at eg kanskje hadde blitt litt skremt av o eg og… men uansett; det ville nok vore ein risikosport å kødda med Jensen i ein sånne setting. Å den type folk e de jo aldri feil å vara bekjent av.
Arbeidarpartiet kan vel seiast å stilla me noken av dei flottaste mannlige ministrane noken gong. Eg ska kje vara øvefladiske, men det betyr faktisk ei gullstjerna te Ap. Trond Giske e ikkje ein av di, men han va ein gong på vei på nachspiel te meg å mine studiesambuarar. Å de e et pluss i margen. På grunn av ein svikt i ein taxikø blei de aldri noko av, men mannen viste altså tendenser te å vara av samme festliga kaliber så sutalause stundentar på ein fredagskveld itte stipend-utbeltaling. Kan veta sånne ting trekke godt på stemmegivingo.
Alt hadde altså vore så møkje enklare å meir spennande om det IKKJE sko skiljast mjødlo sak og person, politikk å politikar. Eg har i ei årrekkja lagt min eigen regjeringskabal. Ingen av mine personlige statsrådar har internasjonale erfaring, næringslivsbakgrunn elle jusutdannelse. Men dei fleste av di har gått på ongdomsskulen på Enge, sete på lesesalen med meg på UiS, er å finna på saloonen minst annakvar lordag, å er venner med meg på facebook. Det er nok te ein ministerpost. Eg lika å tru at politiske øvebevising oftast visa godt igjen hjå folk når di ikkje snakka politikk. Men nå e de heldigvis ikkje mi oppgåva å leggja regjeringkabal.
Eg kan meste ikkje få ondestreka nok kor gla eg e for at eg ikkje e politikar. Eg trur kanskje stadig fleire òg e gla for det.
Torsdag 18. juni 2009
Akkorat i tide
Eg blei fødde ei veka for tidlig. Deffor har eg valt å komma for seint te alt aent eg har gjort resten live. Kin har sagt presis e for seint? For seint e jammen presist nok. Når resten av befolkingo e både tålmodige å ute i go tid, e de ingen gronn te at eg ska vara de.
Som me alt aent ligge eg nå på itteskot me ei skuleoppgåva. Eg e optimist å trudde skuleoppgåva i tillegg te ein 100 prosent jobb va barre blåber. Nå e eg ca ein måned på itteskudd. Eg fekk nett mail av veiledaren min, så understreka et heilt unødvendig poeng. «Du er da lovlig sent ute, kari». Og så?? tenkte eg. Skippertak funka fint de, har klart å redda meg inn på de i 25 år, koffor bjynda gjera endringar nå?
De gjere ingenting om ein e seint ute så lenge ein har 24 timar i døgne å ein del kaffi. Detta innsåg eg først i 10.klassen på ongdomsskulen. Den stora hovedoppgåvo vår om 2.verdenskrig sko inn på ein fredag. Halv 10 torsdagskvelden va eg ca halvferdige. Me innleiingo. To små timar itte fristen va oppgåvo vel i havn. Dei tålmodige lerararane smilte litt, å tok i mot. Ein kan jo ikkje allti forventa at tiende klassingar e tidsnok? For seint va akkorat i tide.
Eg har nylig oppdaga ein liten konspirasjon retta mot min person. Ska eg treffa venninner, pleie eg får beskjed om at me ska møtast klokko sju. Resten av gjengen får høyra halv 8. E eg skikkeligt tidligt ute pleie eg vara der kvart på 8. Då har di barre venta på meg i et kvarter.
Men de e einsomt å vara for seine. Te sommaren ska eg på tur. Med ein bråte løgnasar ska me te Unaiten å greier, å sjekka ut koss finanskriso å utelive e der. Me ska fyka frå Sola, de betyr ferja øve Boknafjorden. Å trur dåken ikkje eg bler øvelatte te meg sjølv: Når di nylig la opp reiseruto, bestemte di at eg måtte ta et par ferjer tidligare. Så di konne vara sikre på at eg nådde flyet. — Tulleskap, tenkte eg. Flyo e jo ofta for seine te avgong. Ein kan jo ikkje forventa at adle passasjerar e tidsnok? For seint pleie vara tidlig nok det.
Men for all del: eg har innsitt ulempo me forseintkomming. Eg har te å me sett i verk tetak for å forhindra de. E ein b-menneske å kronisk seint ute, kan måronane ofta vara ei utfordring. Eg har tri vekkjarklokker på soveromme. Samtlige e stilte långt fram. Klokkeradioen e ein time å 47 minutt for snare. Den litla firkanta pipe-klokko e ei ein halvtime forut si ti. Mens mobilen stidle eg inn et kvarter for tidligt. I tillegg legge eg ein huskelapp ved sengjo så får meg opp: sånn så ”Du må på jobb kl. 7.” ”Ring politiet klokko 8”.
Strategien slår likavel ikkje allti lika godt ut. Eg e egentligt heilt fryktelig dårlige i håverekning. Men dessverre; der mattematikken konne holde seg vekke, har an dessverre sneke seg inn. Eg e ein luring så ikkje klara lura seg sjølv, ser du. Så når klokkeradioen pipe 05.13, tar eg reknestøkkje heilt automatisk, innser at klokka barre e 07.00 å at eg deffor kan sova 50 minutt te. Ein kan jo ikkje forventa at adle e lika gla i måronen? Ein time å 47 minutt for seint, e presist nok.
Noken gonger, så har eg vakna av meg sjølv. I 6-tio faktisk. Fornuftige folk ville reist opp, kokt seg kaffi, lese aviser elle gått på jobb å rydda kontore før arbeidsdajen. Eg vakna å fatta kje ka i adle dagar ein har å gjera så tidlig opp itte. E eg ikkje trøtte ligge eg likavel. Tar ei sovetabletta om nødvendigt. Eg vil jo ikkje rysta heile arbeidsplassen min ved å vara presise. Så av omsyn te resten av omverdo, drøye eg de litt. Ein kan jo ikkje forventa at journalistar allti e tidsnok?? Noko for seine måronar e akkorat presist nok.
Nylig blei eg øvejidde øve meg sjølv. Mitt eige tidsperspektiv å evno te å planleggja har fordreidd synet mitt på ka så e vanlige folkaskikk. Eg va øverraskande nok tidligt ute te ein kaffi på Fønix ein kveld. Sko treffast halv 8, å når klokka var kvart øve sju, va eg klar. Turen bort tar to minutt. Då måtte eg beint setja meg ne å sjå litt ut i lufto ei stond, for de gjekk jo kje an å vara for tidlig ute. Sånt va jo meste uhøfligt! Ein kan jo ikkje forventa at eg e tidsnok?? For seint e møkje meir presist.
Nå har adle dåken gode leserar sjøl fått tatt del i resultatet av mitt te tider øveoptimistiske tidsperspektiv. Denna bloggen sko ha vore ferdige i bjyndelsen av mars. Å redaktøren ha barre purra på meg tri gonger si den gong. Sånn sett ligge eg godt an. Konne jedna utsett de te august, men sjitt la gå, av å te får eg vel helle strekkja meg litt for å gogjera dei så ikkje har lika go ti så meg.
Men likavel. Ein kan jo kje rekna me at bloggerar allti ska vara ute i go tid? Noken månar for seint, må jo vara presist nok.
Røkke, gjelsten å EG!!
Finanskrisa, opp å i mente. De va ein gong i høst aviser bjynte me krigstypar og tv bjynte me ekstrasendingar for å snakka om børskrakk å pengesmellar her å der. Eg har endå ikkje skjønt den store nyheten. Sjøl har eg levd i ei finanskrisa heila live.
Noken e fødde fargeblinde, mens andre e fødde skeivhendte. Sjøl blei eg fødde uten økonomiske sans. Men eg kan ikkje sei de har gitt meg fantomsmerter. Eg vil helle tru de har gjort meg te et lite finansielt geni. Trur jedna ingjen e så godt rusta te å takla negångstider så meg. Eg vett koss eg ska jappa meg te når de e oppgongstider, å vett koss eg ska øveleva på minst muligt onda depresjonane.
Når ein føsta har penger så må di jo brokast. Detta me sparing har eg i gronnen aldri fårstått. Eg ska vel vara enige i at mi pengeforvalting ikkje stikke seg ut så den mest fornuftige, men ein må nå unna seg noko her i live? Å jobba for penger viss ein ikkje ska broka di på noko virka meste naivt i mine auger. De e vel ein gronn te at de finnest så enormt månge fristelsar, å når du vett at du har ein tuselapp igjen på korte, så får ein gjera de besta ut av dei kronene å broka di på sånt ein lika beste. Så student fant eg allti ein gronn te å kjøpa meg ne på minusen, å synst eg allti klarte argumentera godt øvefor meg sjøl:
Å bråvakna altfor seint på måndagane når eg sko ha vore på førelesing for ein time si va ikkje unormalt. Men de e smertefullt e å reisa opp om måronen for et b-menneskje så meg. Det e ingenting å spøka me. Me så e biologisk innstilte på å sova når andre e på jobb, å jobba når andre seve, leve et urettferdigt liv. Deffor synst eg ikkje de va rett at eg måtte skonda meg i de kalda vere ne te bussen for å nå neste førelesing. Nei, denna stakkaren trengde ein taxi te universitete. Ja, såpass måtte eg nå konna spandera på meg.
I stavanger så hadde eg jo detta platekompanie då. Låg så fristande te på vei him frå skulen. egentligt va de ein omvei, men lika forlokkande for de om. Men eg hadde nå vore flinke, komme meste heilt presit på førelesing, å følgt godt me på de så blei sagt og. Så noken cd-ar å ein samleboks frå platekompanie burde eg ha. Såpass måtte eg nå konna spandera på meg.
Framdeles e de ikkje vaskeligt å broka penger, men nå kan eg ikkje lenger gøyma meg bak påstandar om ein griske lånekasse å et fattigt studentliv me dyre pensumbøker å semesteravgift. Likavel ser eg talo rasa mot nullponkte på kontoen barre dagar itte lønnsinnskot, og framdles prøve eg allti gå inn for ei passande landing te saldo på minus. Å framdeles har eg go gronnar te å dra korte, samma kor lite de e å trekkja av.
Ikkje reise eg serligt ofta te syden elle kjøpe meg markjekler. Men eg jobba jo ein del. Litt øveti bler de og. Så ein tur ut om helgane fortjena eg jo, med taxi rondt omkring, 300 kroner i billett inn på salooonen, å rause spandering på både kjensfolk å meg sjøl i baren. Såpass må eg nå konna spandera på meg.
Å når har eg ikkje snakt me venninedn mine på ei veka. elle, jalfall ikkje si søndag, så kan eg ikkje vara så usosiale te at eg seie nei te et treff på fønix. Å e de kje sånn at de e ein del av jobben med å vara journalist at du ska vara sosiale? så middag å kaffi på fønix e vel i bonn å gronn ein nødvendighet, sånn av reint yrkesmessige årsaker. Såpass må eg jo konna spandera på meg.
Sparekontoar e ikkje nødvendigt. De e eg bombesikker på. Leita eg godt nok, klara eg jo allti samla opp litt tomflasker. De e løye kor ivrige ein bler på gjenvinningo når ein mangla penger te mjelk å dopapir. Eg pusta i gronnen letta ut når denna finanskriso dokka opp. Heldigvis hadde eg kje ei einaste krona på sparekontoen. Eg hadde formuo mi trygt plassert hima, i plastpåsar i gongen. Klare for panteautomaten.
Å når ein e så heldige å vara sistemann så fløtta himante, pleie eg vara jyseligt velkommen hima noken dagar. I nedgångstider gjelde de å broka sitt gode selskap te de besta – de pleie allti vara noken så ønskje deg hjartele velkommen te kost å losji noken dagar viss du barre gjere deg fryktele utilgjengelige sånn elles. Besøkjo him må planleggjast strategisk itte lønningsdag å forfallsdatoar.
Dessuten e de kje så vanskeligt å gje litt ekstra innsats på jobb når konto narma seg null. Når ein sete utøve kveldane å jobba, e de jo barre på sin plass at du kan få drikka så møkje gratis jobbkaffi så du vil. Såpass må jo jobben konna spandera på deg.
Når adle slags finansinstitusjonar og næringsvirksomheter må krypa te kårse å be om å få gullkorte av Kristin Halvorsen, å de bler ekstrasendingar på nyhetene av den gronn, bjynda eg å lura. Tar ikkje disse folkjo høgde for noko så helst? Då har di litt å lera av meg. Adle trenge krisepakkar av å te. Ingjen kan sleppa onda. Deffor bør krisehjelperane bearbeidast kontinuerligt. Eg har långe erfaring me detta.
På mobilen min har eg ei lista me fleire private finansministrar å oljefond. Lika sikkert så klokko får di ei melding tikkande inn på mobilen kvar måned, sånn ca rondt den 27. Med litt skryt om kor snille di e å ein lovnad om middagsinvitasjon neste veka, pleie di ta godt i mot førespørsel om å øveføra ein tusenlapp te ein stakkarslige jentonge med for mange rekningar. Di bjynda konna kontonr mitt utenått nå, å e blitt såpass vane me tiggingo at di har innstilt øveføringo på fast månedlig trekk. Sånn sett, har eg ordna med te me kontinuerlige krisehjelp, å det pleie ikkje ble så møkje debatt av de lenger.
Eg har me andre ord vist meg å vara ei dama forut mi ti. Eg e ei så visste ka så kom, ei så hadde forskansa seg me tetakspakkar å reserveløysingar i aldle slags former. Trur muligens eg ska søkja på finansministerjobben neste gong. Så ska jammen norge vara godt førebudde på neste smell. Di bør jammen gje meg jobben óg. Såpass kan regjeringo spandera på seg.
Måndag 16. februar 2009
25 – den nye 40
I heljo oppdaga eg noko skummelt. Det va skumlare enn adle inkassobyrå å Bob frå Twin Peaks. Te samen. Eg oppdaga at eg va blitt vaksen. Eg pleie vara den så fnyse av dei så syte øve alderen å tøkje de e basje å ble eldre. Tullesfjas har eg meint. Men jammen gjekk eg på smellen sjøl.
Itte ein bedre lordagslønsj på Fønix, tok eg meg sjølv i å broka tannpirkar. Hjelp å trøst. Tannpirkar har eg vel i groen barre sitt i brok hjå dei øve 40. De va meste så eg kikka meg rondt, for å sjå om noken hadde sitt meg. Der å då måtte eg beint fram ta meg sjølv i å lura på om eg hadde drokkje kaffi frå tefat i offentligheten óg.
På fønix bler de sjølvsagt litt tid te se & hør-preik. Disse øvekule, barbiedokkene som vrikka seg øve MTV å toppa listene på Youtube må de jo snakkast litt om. Men denna dagen blei kjendissladderen ein trist affære. Venninno mi å meg, kom fram te at dei fleste va mjødlo 18 og 22. Dei så va på vår alder va på vei ut av Hollywood, og va allerede blitt bitre øve nykommarane så tok typane og filmrollene deiras. Di hadde allerede vore inn å ut på avrusing, konne snakka om både sin første, andre og tredje ektemann, å hadde peishødlo fudle av nestøva statuettar. Då innsåg me at toge va gått. Ikkje konne me slå gjøno så modellar eller skuespelerar lenger. Me kom aldri te å vinna ein Grammy elle få eigo fangruppa på facebook. Viss me ska klara å erobra musikkmarknaden, va alternativo våre begrensa te de norska kåntri- elle danseband-markedet. Kun her e de rom for dei godt vaksne.
Jajja. Med litt sånn trøst om at me barre fekk vara gla te at me slapp å vara kjendisar, gjekk me kvart te vårt. 30 år eldre.
På veien himøve traff eg noken litt perifære kjensfolk, å blei ståande å rala me di. Me hadde ein sånn høvelige vaksensamtale; Om vére, alt folk så va ute, å te å med litt om valje te høsten. I den anledningjo slo di te å med ein spøk eg ikkje forsto om Venstre og borgarlig samarbeid. Eg lo godt, å falskt, å sa «ja, de bler spennande å sjå», før eg snudde meg diskret i min retning å helste di «vel heim». Å kor de kom i frå fatta eg kje. «Vel heim» e vel et uttrøkk så aldri e blitt tatt i bruk av noken onda femti. Ikkje i mi ti jalfall.
Vidare på veien fornya eg mine evigvarande fortsett om å ble flinkare te å lesa både Klassekamp, Morgenbladet, Dag å tid, Dagens Næringsliv å elles alt så konne gjera meg glupe om politikk å aent viktigt. Men så blei eg forveten. Når ein føsta bur i Etne bør ein jo veta mest mulig om flest mulige folk. Kor gamle disse folkje eg hadde snakt me va egentligt? Øngre enn meg visste eg di va, men di konne kje vara så långt onda meg... 22 år kanskje? Men eg slo meg ikkje te ro me detta. Di virka så trente i torrprat å så oppdaterte på politiske satire at eg måtte finna alderen. Det angra eg litt på nå i itteti. Det va to syttenåringar så hadde vist seg å vara meir nyhetsoppdaterte og politisk innsiktsfudle enn meg. Di va fødde på 90-talet. Det skal ikkje vera muligt å vera fødd på 90-talet, for meg e de science fiction. Viss ein ska snakka me noken så e fødde på 90-tale bør ein jo egentligt måtta setja seg på huk for å få øgnakontakt me di!!! Men ikkje eg. Eg hadde blitt intellektuelt øvekjørde. Eg va blitt vaksen, kjedelige, utdaterte og på vei neøve.
Men den besta sjokkbehandling ein kan få e å ta det obligatoriske lordagsturen til saloonen. Her betyr det i grunnen lite om du er 18 eller 60. Me er like glade for å sjå einannan uansett. Fram te i heljo trudde eg at eg hadde klart å balansera fint mjødlo aldersgruppedn på «salongen». Likavel fant eg te slutt ut at lordagskvelden va brokt me aldersgruppo frå 35 å oppøve. Brorparten av dei så va på saloonen, va for onge te atte eg visste kin di va. Fleire gonger måtte eg krypa te kårse å spørja - sånn så barre vaksne foreldre gjere - «Kin e de dotter/sonen te?» Når ein e komen så långt at ein kun klara plassera folk itte kin foreldro e, e de de samma så du har «vaksen» stempla i panno.
Jedna va noken av oppvåkningane fullstendigt sorgen. Men heilskapen av å vara på vei inn i dei velkjende vaksne rekkjene va likavel ikkje så heise gale fant me ut. På søndag tok venninnene mine å meg den faste gjønogongen av heljo. Denna gongen va me komne te ein milepæl. Det va trivlig me disse vaksne, det viste seg me bjynte å ble dugande vaksne sjølv, å fant ut at ongdomshysteri barre va å le av. På ittemiddajen gjekk den eina venninno mi gjekk him å les Allers, mens den andra fór him for å spøta. Sjølv tenkte eg at eg sko ta an HEILT ut; tømde kaffi på tefat, slurpa de i meg, å følde med på vérmeldingo med oppriktige interessa.
Kari