
Anita Haugland bloggar
18.mai
Borte bra, men hima best
Den sista tio har eg farta litt både her å der utforbi landegrensene. Stikkord som askefast, overfyllt og tisselekkasje er ord som illustrere himreiso mi frå Bali te Norge. I staden for opplada, var eg heller utlada, itte et besøk hos den studerande litlasøstero mi i utlandet.
Men det var ikkje minsten så sleit meg ut denna gongen. Heller ikkje massasjedamene på strando, eller reinholdsgjengen så kom å skifta nye sengakler te oss kvar dag. Derimot var det sviktande engelskkunnskaper, kombinert med vulkanaska og flykanselleringar i Amsterdam så fekk knutane te å stramma seg i nakken. Verken eg-VIL-him-NÅ, pengemanko eller eg-ska-på-Posgirobygget-konsert-i-kveld, va gode nok argumenter for å få i gong flytrafikken med det førsta.
Så havna eg på hotell. Kredittkortet va gull verdt. Anita – aleina – i Amsterdam. Virkeligheten verre enn bokstavrimet. Itte øve ett døgn på reisefot, traff eg fira norske damer. Glad og fornøyd, presterte eg å hylgrina når eg sko takka for inkluderingo i reisefølget. Medgang blei for sterk kost.
Fredagskvelden satte me oss på toget. Det førsta av totalt seks stykke på strekningen Amsterdam-Hirtshals (Danmark). Frå Amsterdam te Hamburg gjekk det forholdsvis fort, verre var det med ventetio te det nesta toget kom. Førti minutt seinare enn planlagt, høyrde me endelig togfløyto. Gleden gjekk raskt øve te panikkangst. Det å bli skvist inn i gangen mellom doen og setene var alt anna enn ein lettelse. Særlig når me stod så tett at det ikkje ein gong var plass t å siga om for å besvima.
Nåken klarte å holda humøret oppe uansett, detta gjaldt blant anna dei fira damene eg reiste med.
- Jeg har da betalt for sitteplass! sa Ingebjørg, og sette seg oppå dolokket.
Ideen var dessverre langt fra problemfri. Folk måtte på do. Sitteplassen blei stadig mindre ledig, og meir ekkel. Det heila toppa seg når ein av mannfolko ikkje klarte knipa igjen slangen, og la fra seg ein gul dam i området der han skritta øve baggen min.
- Nå dør eg, tenkte eg då.
Resten er historie. Eg kom meg him til slutt. Bortsett fra at eg var på gråten ei heil veka itte himkomsten, så har det mesta gått greit ittepå. Men ein ting har eg tenkt på. Sånne spektakulære nyheter ute i verden, er greiare å sjå på tv enn å oppleva på nært hold. Itte ein kvil i godstolen på Heiabø, slo det meg at lokalnyheter i grunnen e det besta.
Når Vinmonopolet havne i Ølen, å tanteongen har lert å sei ”Nita”, så er det jaggu kje løye at eg vende nasen mot himbygdo i sommar. Aldri før har eg sett så stor pris på smale, oppsprukne asfaltveier å sykla på, kombinert med nyspreia kudrit og løvetann i veikanten.
Hjem, kjære hjem.
Anita
Eksamenslesing meg her, å eksamenslesing meg der
I dag e d nøyaktig to veker te innlevering av himaeksamen min. «Det bryr meg vel midt bak», tenke sikkert du, å det kan eg jo forsåvidt vara enige i. Allikavel kan det vara verdt å lesa videre, iallfall viss du trenge ein grunn for å ta ein pause i alle dei tingo du egentli sko ha gjort.
Det så slo meg her ein dag, va alle dei aktivitetane så har et potensiale te å bli kjekke i denna eksamenslesningstio. I går kveld for eksempel, så va planen å lesa pensum ette håndballtrening. I steden blei det superfint i leiligheten, for det va jo tross alt mi vaskeveka. Ikkje nok med at badet lukta sitron å sofaen blei støvsugd; gamle matrester blei fjerna frå kjøleskapet, nytt sengatøy blei lagt på, lause papirer blei sett i permen, å kaffitraktaren blei rensa. Det å bli avbrutt ein halvtime for å gi mamma datainstrukser via telefonen va rett å slett heilt perfekt, då rakk eg jo å bli altfor trøtte te å i det heilta tatt vurdera å åpna pensumbøkene ittepå.
Når eg tenkte meg om så sko eg hatt tatt ein rundvask på bilen, å ittepå får det kanskje bli sykkelen sin tur. Når alle di matrielle tingo mine e skinnandes blanke, så håpe eg at lysten te å ta ein tur på lesesalen e komt tebake. Eg kan jo tross alt ta med meg både data og pulverkaffi, så har eg nåke å finna på i pausane.
For å lera e det viktig med god næring, så ein himalagte fiskagrateng kan jo ikkje vara feil. Det får heller våga seg at det tar litt lengre tid enn å hiva ein Fjordland-middag i mikroen. Sunne, gode og økonomiske vanar e jo tross alt viktigt å ha med seg i kvardagen, jaffal nå i eksamensforberedelsane.
Det å skriva denna bloggen te tross for at eg ikkje hadde nåken som helst gode idear, passa jo egentli og veldig bra. Då hadde eg liksom endo ein fornuftig grunn te å tenka på, ja, du vett, andre ting enn pensum. Nå håpe eg for min del at eg får sjukt dårlige karakterer på eksamen, ellers e d mången så komme te å bli grønne av misunnelse. Nok endo ein supergod grunn te å ikkje lesa meir pensum.
Anita
13.oktober 2009
Ikkje akkurat handywoman
Det å flytta te ein nye plass e kje alltid berre å berre. Ting så tidligare eksisterte så fint og flott i heimen, blir plutselig ganske komplisert å fiksa sjøl. Tanken på å bu to venninner i lag i studietio va egentli heilt perfekt, heilt te me fant ut at me mangla ein «handyman». Først va det vaskemaskinen.
— Synne, vett du ka så e skjedd?
— Nei, eg har sje peiling.
— Okay, for an går kje på, ser du.
— Me får ta ein tur opp te huseigaren då.
To timar ittepå e Georg nere på «operasjon-fiks-vaskemaskinen».
— Har du prøvd å dra ut knappen?
— Ehh... nei... e d sånn an funke, ja?
— Jada, så e ingenting gale her trur eg.
Litt rød i trynet må eg beklaga avbrytelsen eg påførte han. Kanskje hjalp det at eg viste meg ute i hagen med gule gummihandskar å vaskebøtta den føsta veko, han tar det jaffal med et fint smil.
Ein anna dag e det mikrobølgovnen så rett å slett slår seg vrange. Eg har heve inni to pizzastykker te oppvarming, men før eg rekke å tenka på og ta den føste beten, så sive det ut røyk frå mikroen. Det lukte svidd.
— Pip, pip, pip!
Brannalarmen har løyst seg ut. På grunn av tidligare erfaringar med både aluminiumsfolie å stålbolla i mikroen, tar det ikkje långa tio før eg vett ka eg ska gjera. Eg vifte kraftig fram å tebake med et tørkehåndkle rett onda røykvarslaren. Røyvarslaren tie stilt, handlingen e perfekt. Eg åpne vinduene blir for å lufta.
— Pip, pip, pip, pip, pip, pip, pip, pip!
— Shit! Røykvarslaren må vara kobla te resten av røykvarslarane i huset.
— Ka gjer me nå?
Me ringe nok ein gong te huseigaren, men han holde foredrag på et formannskapsmøte i Sandnes.
— Unnskyld, kan eg få ei underskrift av deg?
Ein vektar e dukka opp utføre vinduet. Han e kommen for å skjekka om det brenne i huset.
Bortsett frå at han va litt høg å puslete, har eg tenkt i ittetid at detta egentli burde vara drømmemannen. Mens andre drømme om brune auer, mørkt hår og sixpack, ser det ut så det e fiksne hender så gir ei ekstra stjerna i boko hos meg.
Anita
Søndag 23. august 2009
Muligens presentasjonsangst
Nå har det seg sånn at eg holde på å fullføra journalistikkstudiene mine i Stavanger. Føst va eg i Volda, og derfor hengte eg meg på fadderveko i oljebyen, sjøl om eg hoppa rett inn i andre klasse. På tirsdag va eg på min første fadderfest, å jaggu tok det ikkje långa tio før di nye klassekammeratane mine fekk konstantert at eg ikkje berre e´ blonde på håret, men litt inni og´.
Eg møtte opp på universitetet i Stavanger me omtrent åtta tusen andre studentar denna dagen, å eg presenterte meg for cirka hondre nye personar. Når kvelden kom, va det tid for grillfest på studentavisbrakko, å eg prøvde å smila så best det va. Itte å ha snakka med både den eine og den andre, va nervøsiteten så vidt begynt å sleppa taket. I dokøen såg eg nok et nytt fjes, å eg bestemte meg for å var litt frampå.
— Eg må nesten helsa på deg og. Anita her, seie eg, å håndhelse på ein høg, mørk kar med høgra håndo.
— Jett, svare den framtidige studiekammeraten min høfflig tebake.
Eg blir litt forundra, å fomle fram nåken usle ord.
— Jett?! Det navnet har eg ikkje hørt før, seie eg forsiktig.
Plutselig får eg et overraskande blikk, å eg hørre ein skjerande latter frå fyren på sio av meg. Han e tydeligvis godt kjent me han eg holde i håndo.
— «Gjett ka eg hette?» seie siddisen så eg håndhelse på, mens han flire.
Eg kjenne eg blir satt ut av meg sjøl, å plutselig går tankane inni håve mitt på kryss og tvers.
— Blondie her, svare eg kontant tebake, å lure på om raudfargen i fjeset skinne gjennom brunkremen.
Både «Jett» å kompisen hans på sio holde på å knekka samen av latter.
— Jarle her forresten, seie han som nå har sloppe taket frå håndo mi, å holde seg på magen på grunn av ei skikkelige latterkula.
Anita
Tysdag 28. juli 2009
Kulturminne for meg, kulturminne for deg
Sommaren e´ ei fine tid for å tenka på allslags ant enn for eksempel «harde» nyheter. For min egen del kjenne eg at eg blir glad øve å mimra litt øve kulturminne. Me har jo Nerheimstunet å Dreganes i himkommunen min, men d e liksom andre ting eg tenke meir på hvis det ska vara personligt.
Dei føste bildene så snike seg fram på minnet, e skiturane te Olaliohytto når eg va liten. Søster mi sat i pulk, å eg gjekk på nåken supertøffe ski me bilde av ein snømann på. Bror min gjekk så fort, at han såg eg lite te itte parkeringsplassen. Eg ville bli så god så han va, å eg huska endo kor tøft d va å arva skino hans. Dei hadde han jo til å me vonne fleire karusellrenn me.
Av å t gjekk eg tom for krefter, å då fekk eg lov t å fylla på «bensin» av mamma. Små pakkar me rosiner va nok d gjevaste, for ikkje å snakka om fruktpastillene på Olalihytto hvis eg klarte å komma så långt. På solfylte dagar me snø på Opheim, krydde d av solbrune folk me raude skijakker i løypene. Når me stopte, hadde me ofta me oss rompebrett elle plastikkposar te å renna på. Sjølv om d va et ork å komma seg opp bakkane, va nedfarten verdt kvart et slit.

Barndommens store lekevinnar var Barbie-dukkene mine. Eg konne sitta i timasvis å leka, å eg glømme aldri den gongen eg pakka opp ein rosa Barbie-campingbil på bursdagen min. Den hadde eg sikla itte kvar gong det kom lekekatalog i posten, å an va faktisk lika kjekke så han såg ut t å var på bilde.
Et år hadde pappen snikra Barbie-hus te meg t jul, å mammo hadde innreda me ekta tapet å gardiner. D va kje lika tøft så søskenbarnet mitt sitt, for hu hadde kjøpe sitt på båtferie i Bergen. Men, eg va jo takknemlige allikavel, å jaffal når eg seinare fekk både rosa sofamøbler å stort badekar.
Kvar Etnemarknad va eg innom standen te hu damo så sydde Barbie-kler, å et år kjøpte eg meg brudakjole te yndlingsdokko mi. Barbie å Ken gifta seg om å om igjen, å dei einaste gongene d va kjedeligt, va viss eg måtte leka me nåken andre dokker enn dei eg pleidde.
Sjøl om eg hadde ei yndlingsdokka, va d alltid mången andre fristandes i butikken. Ein gong va eg me mammo på Ølen samvirkelag nere i kjellaren. Me sko kjøpa gevinst te bygdabasaren, å eg valte ut ei superfine Barbie-dokka me hår heilt ner te beino. Å kim trur du så vant premien seinare? D va jaggu meg det, gitt!
Personlige kulturminne kan nok variera ekstremt frå person te person. Eg e interessert i å hørra ka så e dine, for kanskje syns du mine e heilt på jorde.
Send inn forslag te Grannar då vel, me ei lista øve 5 ting så betyr mest for deg;)
Les om andre lesarar sine kulturminne her.
Send til: tips@grannar.no
Anita
Onsdag 8. juli 2009
— Spør meg om geografi, men var sikker på svaret sjøl
Eg har alltid likt ein utfordring, å eg lika å oppsøka nye plasser. Det stora probleme e´ berre å finna fram, men som regel e eg jaffal optimist på forhånd. Eg har et par minne som e vanskelige å glømma, å ein opplevelse i helgo fekk meg te å mimra litt tebake på fortio.
Når eg begynte på vidaregåande i Haugesund, så sko me jogga rundt Djupadalen i gymtimen. Detta hadde eg hørt sko vara veeeeeeldi långt, å derfor forberedte eg meg på ei omfattande rondløypa. Så ivrige va eg, at eg hang meg på et par guttar så heller ikkje brydde seg om å hørra på veiforklaringo frå lærarane. Me jogga å me jogga, å sjølv om di andre begynte å tvila litt på retningo, va eg heile veien skråsikker på at me va på rett spor, og låg godt an t å komma føst tebake.
Ittekvart va me blitt fem stykke så sprang i lag. Så traff me på et par arbeidarar ute i marko. Hu eina klassevenninno mi spurte:
— Me e på vei rundt Djupadalen me. E me på rett spor?
Arbeidaren svarte høflig at nå va me komt øve grenso te Sveio kommune.
— Hehe, den va go! svarte klassevenninno mi spøkefult tebake.
Historien enda me at me brukte 1,5 timar på å gå tebake, å me kom øve ein skuletime for seint te mattendervisningo...
Et anna prosjekt eg hadde va at eg sko sykla frå Haugesund te Ølen ein fine solskinnsdag. Eg sykla opp Skåredalen, men alle rondkjøringane skapte stor forvirring. Kanskje va underbevisstheten innstilt på rondløypa ette gymtimeopplevelsen, jaffal så gjekk det kje lenge før eg igjen såg byen Haugesund framføre meg. Snakk om å vara orientert i området!
Me tio vil eg faktisk påstå at den geografiske retningssansen har utvikla seg i positiv retning, men endo har eg ein del å gå på.
Nå i helgo sko eg ut på min første, långe kjøretur, å den gjekk frå Ølen te Dovre. Imponert øve meg sjølv, kom eg heilt te Utne uten å bomma på veien. Eg ringte stolt him te mammo, å fortalte at denna turen kom te å gå radigt. Når eg kom te Voss visste eg at eg kunne ta to forskjellige veiar te Sogndal, der eg sko pitla opp ei klassevenninna.
— Puh, tenkte eg, greitt å veta at eg ikkje kan ta feil vei!
Me sommarmusikk på radioen og solbrillene på, va eg ganske klar for å treffa venninno mi i Sogndal ein time tidlegare enn planlagt.
Eg passerte tunnel itte tunnel, å d va nok derfor d ikkje va så mange skilt på veien, tenkte eg. Plutselig stod det Bergen kommune, å eg fekk ein liten støkk i meg. Eg tikka te høgre, for der va det et stort skilt med TURISTINFORMASJON. Eg oppdaga raskt at den såkalla turistinformasjonen berre va ei burgersjappa å ein vegg med brosjyrer, men spurte nå mannen i junk-food-avdelingen om eg va på rett spor.
— Jai snakka ikke noe særlig norsk, fortalte han.
Eg blei mildt sagt stressa, og gjekk ut te bilen. Der såg eg ein onge gutt så sat å selte jordber.
— E du på vei te Sogndal? Ja, då har du kjørt minst en time i feil retning, sa han på klingande bergensdialekt.
Jaja, sjølv om eg altså konne ta to veier te Sogndal, så hadde eg glømt å tenka på at eg IKKJE måtte kjøra i motsatt retning av det eg sko. Det enda med at eg kom x antall minutt (timar) for seint te Sogndal, og dermed tilbragte eg 13 timar bak rattet detta døgnet.
Konklusjonen e at eg frå nå av ska kjøra i motsatt retning av det eg trur e logisk, å at eg ønske meg ein superproff GPS te bursdagen.
Ps. For dei så trur eg e HEILT tebakeståande, så fant eg faktisk veien him, på FØSTA forsøk. Det hadde du kje trudd, nei! ;-)
Anita
Tysdag 23. juni 2009
Tøffare enn tøffast?! :p
Her ein dag så fant eg ut at eg berre måtte ha meg ein bil. Feriepenger å lønn tikka inn på kontoen, og dermed blei berre argumentene fleire å sterkare for et bilkjøp enn ka det nåken gong har vore før.
Nå innrømme eg lett at verken bil eller kjøring e mine sterkaste sider, derfor beordra eg far i huset t å ta ein kikk på finn.no.
— Finn ein billige så tar me frå A t Å, helst ikkje e nåke gale med når eg flytte te Stavanger, å så bruke lite drivstoff, va stikkordo eg gav han.
Et par dagar itte va det napp å få i Sveio. Sjølv om det ikkje akkurat va verdens tøffase råskinn, bestemte eg meg for at eg likte bilen. Alle sørvisar va fulgt på Sørhaugen i byn, å eg kjente til å me familien te selgjaren. Cd, radio, tilhengarfeste og varme i setene va jo rett å slett bonus, så fekk d heller våga seg at eg følte for å kalla det et framkomstmiddel meir enn bil.
Nå har eg sust å dust rondt i vidunderet i ei veka, å konklusjonen e at bilkjøp = frihet. Ingen mas frå verken den eine eller den andre om at eg har tatt bilen, d e rett å slett befriande.
Stikkordo for bilkjøp t neste gong har eg derimot tenkt litt meir øve. Når eg sa mest mulig billig og driftsikker.... Kan detta ha litt med et «pensjonistaktig bilutseende» å gjera? Når eg sa minst mulig bruk av drivstoff... Kan detta ha nåke med lite hestakrefter elle nåke i den dur å jera?
Ein ting e jaffal sikkert. Eg trenge kje å var redd for å bli tatt i fartskontroll i 80-sonen, for eg klare kje å kjøra i stort meir enn d. I tillegg får eg bedre trening me girstångo enn ka eg nåken gong har hatt. Nå håpe eg at eg å Huyndaien får et godt studentliv i lag, så komme eg sikkert ikkje t å lura på å kjøpa ny bil sjøl om eg sko få meg fast jobb å meir penger i framtio.
Å hvis du lurte: sko d skje at du treffe meg på veien å eg ikkje helse (sjølv om du e kjensfolk) så e d ikkje for at eg skjemst øve «råskinnet», men derimot for eg har nok me å konsentrera meg om å holda meg å bilen på veien ;-)
Anita har ein liten bil
liten bil
liten bil
Anita har en liten bil
den seie tut, tut, tut!
Anita