Aurelija P. Hustveit blogg

20.juli
Om hundar og ungar
Eg har alltid likt Kristine Koht og alltid hata når folk såg på hundane og kattane sine som på sine ungar. Koss heng dette i hop, vil du spørja, kanskje. Jo, desse to tilsynelatende usamanhengende tankane blei veldig samanhengende då eg ikkje så lenge si fekk sjå nokre episodar av Koht i familien, der den friske dama prøver å forstå seg på kva familie går ut på. Serien er utan tvil veldig sjarmerande. Koht sjekker om familiefedrer går på jobb med underbukser og legg seg i seng med dei for å kvila dersom filminga hadde starta veldig tidleg på morgonen. Ho luktar, smakar og kjennar på alt. Ho kladdar på folk og spør folk om alt mulig og får svar til slutt, for ho gir seg ikkje inntil ho får svar. Eg hade ønskt ho hadde vore nyhendekorrespondent i ein eller annan tv-kanal. Det hadde vore deilig med nyhende der ein ikkje berre fekk rapport om kva som skjedde, men også koffor.
Men tilbake til hundane. Ein ting som provoserte meg i den elles fantastiske serien var eit homofilt par som liksom også var ein kjernefamilie, si dei hadde to lekne dalmatinarar.
— Dere er jo på en måte en familie, ikke sant? forsikrar den sjølv barnelause programvertinna seg om.
— Ja, vi er jo det, nikkar dei to «foreldra» og klappar dei kjærleg på dalmatinarane.
— De er jo lissom ungene våre!
Hallooooo.
Denne dialogen blir endå løgnare når ein tenkjer på at litt tidlegare i programmet blei desse «ungane» plasserte på ein hundepensjonat mens det homofile paret koste seg på sydentur. Eller mamma og pappa, skulle eg sagt, i følgje programmet.
Å nei du. Hundar og kattar er ikkje det same som ungar. Det veit alle som HAR ungar. Utanom dei biologiske forskjellane, er menneskeungar aldri ferdig dresserte. Du kan ikkje byta dei til eit betre eksemplar dersom du er litt misnøydd med avkommet. Du får slita med den du får. Vil du som hundeeigar ha fred, set du hunden ein plass han ikkje kan sjå deg og masa på deg. Eller berre seier «ligg». Så ligg han. Prøv det med ein unge. Viss ein unge legg seg ned på golvet er det oftast i eit hysterianfall.
Men den viktigaste forskjellen mellom å ha kjæledyr og ha ungar er jo at du kan aldri ta ein pause frå ungar. Med hundar, kattar, kaniner eller slangar er det nemleg slik at du kan ha dei i periodar. For eksempel, når eg var yngre hadde eg alltid ein katt eller to. Men nå vil ikkje eg lenger ha noko katt. Litt leie liksom. Men slik kan ein ikkje gjera med ungar. Dei er alltid med deg livet ut og, i dei fleste tilfelle, heldigvis!
Så tenk på maten. Hunden et ein eller to gonger til dagen. Ingen oppvask eller sure kommentarar om at bestemor sin brunsaus smakar mykje betre. Same med klede. Det slepp du viss du har ein hund. Ein normal hund, ikkje sånn veskenisse. Med ungar druknar du i både skitne og reine klede. Noko skal vaskast og noko skal brettast. Og som Kristine Koht (som elles er veldig klok og observant, utanom den eine hundekommentaren) seier; det er alltid noko i familien. Foreldra gjer alltid noko og dei går aldri tomhendte. Dei står aldri i ro og utruleg nok får dei det til å gå. Ungar skal til og frå skule eller barnehage. Dei kjedar seg. Dei masar om noko. Dei blir glad og dei blir forbanna. Dei blir ekstra ko-ko når du får besøk. Innerst inne er dei forferdeleg glad i deg, men viser det ofte på ein veldig rar måte. For eksempel, ved å ikkje gi deg fred.
Nei, ikkje prøv dokken. Dersom det er nokon som vil påstå at ungar og hundar går for det same, kan gjerne avlasta nokre slektningar og passa på avkommet deira ei helg eller to. Så snakkast med etterpå!
6.juni
Litt meir flyplassstoff som ikkje handlar om flyplass i det heile tatt
Det er mars månad når eg er på veg til Norge etter ein tovekersvisitt heime i Litauen. Medan mamma passar på litla Emma, stiller eg og pappa i kø foran ein kvit registreringsskranke merka med mitt flyselskaplogo på skjermen ovanfor. Ei ung dame i tjueåra ser endeleg i vår retning og me forstår at me kan koma nærmare. Med meg har eg ein svær koffort, babysete og barnevogn. Dei to siste er innpakka i gule spesialsekkar med glidlås og små kikkevindauger av hardplast. Innsjekking av bagasje er ein prosedyre eg har vore gjennom titals gonger før. Nå når eg har pappa her som kan løfta dei tunge kolliane og hiva dei på vektbandet for meg, blir det endå lettare. Eller ...
— Vil De registrere bagasjen hjå oss, lurer på den unge tenestedama høfleg.
Dette spørsmålet sender meg momentant i ein tilstand som eg alltid draumer om å koma i når eg les om at det å filosofera tyder eigentleg å undra seg over ting og livet. Endeleg klarte eg det, men kanskje det er litt dårleg timing og setting akkurat.
— Eg trur det, svarar eg og prøver å lesa i augene hennar om eg er på rett veg til det rette svaret.
Ho ser tilbake på meg med eit lite sigende blikk og ventar på eit meir utfyllande svar.
— Ka meiner du? gir eg opp.
Eg trur journalistisk tilnærmingsmåte duger betre i slike situasjonar enn den filosofiske.
— Vil De registrere bagasjen hjå oss, gjentar ho, men denne gongen kan eg kjenna eit snev av utolmod i stemma hennar.
— Eg pleier å sjekka inn bagasjen der eg sjekkar inn billetten. Er det ein annan plass med kan sjekka inn bagasjen? spør eg.
Så forundra har eg ikkje vore på lenge. Ekkel kjensle av å vera heilt blanke i hovudet med bind for augene. Kor skal me hen, kjære sjekk-inn fe?
— OK, greitt. Vil De sjekka inn alt?, spør ho og ventar på eit svar som sjølvsag ikkje kan koma, sidan eg er fullstendig «lost» og berre stirrar tilbake på ho. Samtidig set eg hjernen min på autopilot og førebur meg sjølv på krasjlanding. Med håp at eg treffer havet, ikkje fjellet.
— Ka syns du?, er opningsspørmålet frå autopilotprogrammet.
— Vil De sjekka inn alt her eller vil De sjekka det (ho peikar på gule posane med babysetet og vogna) i skranken nr.10?
Jess! Nye fakta! Det finst ein annan skranke som kan kanskje hjelpa oss å koma oss vidare til neste nivå i dette spelet.
— Å! Skal me sjekka bagasjen vår der heller?, smiler eg av gleda. Sjølv om det er litt tungvint og kronglete å sjekka inn billetten ved ein skranke og bagasjen ved ein annan så er det i alle fall ei løysning i synet.
— Ja, eller De kan gjera det her også, seier ho og blåser ut flammen av håp. — Ok. kjem det tvilande frå meg. Eg håpar ho meiner det ho seier.
— Eg kan registrere bagasjen Deres her og då kan De droppa han av i skranke nr. 10, seier ho og blir plutseleg praten og informativ.
Autopilotprogramet i hjernen min kortslutta og eg kjenner svidlukta og høyrer sikringane som hopper ut or sikrinskapet i skallen min. Ho visste svaret heile tida. Teljer til ti og pustar djupt inn. Roleg, roleg.
— Det var flott, seier eg og held på den høflege tonen og legg babysetet på vektbandet.
— Nei, denne kan me ikkje ta imot. Sjå, embalasjen er sund, peikar ho på det litle hardplastvidauget som jo, heilt sant, er reven på den eine sida, men vindauget er så lite at det er ingen sjangs for at sekkensinnhald kan ramla ut.
— Anten må De pakka den i noko anna eller ta av sekken, seier skrankens dronning.
Eg kjente dampen gå ut av øyra mine.
— Men eg har ikkje tape eller annan sekk med meg, prøver eg. Det holet er verkeleg lite. Heilt absurd.
— Ja, men då må De ta setet ut og levera utan den øydelagde embalasjen, konkluderer ho.
— Meiner du at du vil heller sjekka inn babysete utan noko innpakkning enn med spesialpose med eit lite hol I, forsikra eg meg forsiktig før eg gjekk laus på ho.
For det er nettopp det eg har tenkt å gjera. Utlendingen før meg blei sjekka inn på 1,5 minutt. Hadde eg feil pass i mitt eige land til å få eit godt service? (Eg veit du har ein annan spesialbagasjepose under skarnken din. Men koffor, koffor, koffor står du her og speler dum og overlegen over meg med baby på armen (Eg måtte visa ungen ikkje berre passet) og tre stykke bagasje som eg, takka vera deg, ikkje anar kor eg skal gjera av.)
— Har De ein sekk eg kunne fått? spør eg likevel.
— Ja, her, rekker ho meg ein stor spesialbagasjesekk i kraftig plast og kastar tilbake det longe lyse håret.
Sannings augenblikk. Rettferds time. Domensdag. Dagen musikken og høfligheita døde. Skulle berre hatt American Pie i handa nå. For eg såg eit fjes som matcha den perfekt.
— Så De visste både kor me skal sjekka inn bagasje, og hadde ein gratis bagasjesekk som eg kunne få og berre tulla meg meg her? freste eg.
Joda, akkuratt som forventa, stirra ho frekt tilbake på meg, og som forventa skreiv eg opp namnet hennar for å klaga ho inn til leiinga. Og som forventa, skreiv ho ut billett med annan seteplass enn eg hadde reservert på nettet, og som forventa konfronterte eg ho med det før eg gjekk om bord. Og sjølvsagt, som forventa, slengte ho ifrå seg at dei hadde ikkje lov å plassera babyar ein annan plass enn ved vindauget. Og som forventa fekk eg sitja akkurat der eg ville når eg kom inn på flyet sidan kabinmannskapet var skandinavisk og hadde andre tryggleiksreglar.
Heile denne episoden kunne eg gløymd for lenge sidan (kanskje same augenblikk kabinverten á la Homsepatrulje blei beste venn med litla Emma og sa «Hærlig!» kvar gong han passerte ho...). Men det var noko med den unge dama som meinte ho kunne harselera med meg berre fordi ho kunne. Bare fordi ho hadde det litla firkanta namnekortet på venstre sida av brystet. Der som hjartet hennar skulle vera... Dette fekk meg til å tenkja mørkt på framtida for heile landet. Eg trudde at det var berre gamle postsovjetiske byråkratar tente på slike maktsymbolar som nøkkelklype (vaktmester eller portmann), vaskekost (vaskekone som skal låsa akkuratt før du var ferdig på kontoret), namnekort på halsen eller ein mikrofon. Men her stod eg framfor ei som har vakse opp i den frie Litauen og brukte velkjente KGB metodar berre fordi ho kunne... Skummelt.
Men eg gjev ikkje opp. Håpet dauar sist. Eg som har vakse opp i frigjeringstida før korrupsjon og gjerrigheit erstatta idealar om demokrati og solidaritet vil halda på det grøne passet og smilet i hjartet i nokre år (tiår?) til. Sjøv om det er veldig fristande å få seg det røde passet i staden for og bli ekspedert på eit par minutter...
— Aurelija
Ny 1.februar
Om ytringstvang
Det er ein ting eg ikkje kan forstå. Trur virkelig media-Norge at ytringstvangen eller ytringsfriheita, som dei kallar det, er viktigare enn noko anna? Enn sunn fornuft? Enn respekt for andre sine meiningar? Enn samvit og sanning? Vil media-Norge gå så langt at dei vil lyge i kampen om å ytra sine meiningar? Det ser sånn ut for meg når desse Mohammed-teikningane er i vinden igjen. Det er nemleg slik at Aftenposten nyleg publiserte desse ikkje spesielt humoristiske, men høgst samfunnsaktuelle karikaturane endå ein gong. Ein kan jo lure på kvifor Det var jo ikkje akkurat den store suksessen første gongen teikningane såg dagens lys for nokre år tilbake.
Jo, det er for denne herre ytringsfriheita. Jippi. Hurra. Nå føler eg meg friare. Endeleg (tusen takk, Aftenposten), kan eg seia kva eg vil og kor og kva tid. Neste gong nokon spør meg om han er fin på håret skal eg jammen svara av heile mitt reine hjarte. Dæven så du ser ut! Eg kan seia noko anna, men eg har rett og nesten plikt nå å seia kva eg meiner. Og den som ventar på komplimentet må berre akseptera det.
Sjølvsagt blir dette litt sett på spissen, men du skjønner poenget, sant?
Då Mohammed-teikningane skapte oppstyr for første gong og den sårade sida forlangte respekt, medan den kunstinteresserte sida stod på sitt og kravde toleranse, tenkte eg - er det verkeleg lov å spøkja med alt? Jo, svarte eg inni meg, det er det. Klart ein kan le av alt. Men er det verkeleg realistisk å krevja at alle skal lika vitsane dine?
Nettopp dette skjønte også dei i Posten når ein av dei nye reklamefilmane deira med komikarane Stoltenberg og Gustafsson blei for sterk kost for Posten sine kundar. I alle fall trudde dei i Posten at det kunne bli støytande for nokre av kundane. Nå kan reklamesnutten berre sjåst på YouTube. Den diska reklameklippen fortalte Jesu korsfestingshistorie på ein humoristisk måte. Den «morsomste svensken», Gustafsson, hadde rolla som Jesus, medan skaparen av tv-serien «Boretslaget» spelte den eine av dei to forbrytarane som delte Jesu skjebne på korset. Jesus (Gustafsson) følte seg «lite hengit», der han hang på korset. Eg er ikkje så god i svensk, men antar dette tyder «sliten» og dreg på smilebandet for første gang. Du ser den, sant? Han hengjer på korset og føler seg hengende i dag. Fint! Men så lurer jo den andre på kvifor er Jesus sleten og hengende? Jo, for han har slept korset heilt opp til toppen av berget der han nå var og hengte. Og då skrattler den pratne forbrytaren. «Har du slept korset ditt sjæl? Gutter, han har slept koset sitt sjæl! A-ha-ha!». For han kunne jo bruka posten til dette! Hovudtanken for reklamen var - alt kan sendast.
Kjempeløyen reklame, men klart kan den verka støytande for nokre kristne. Men ikkje alle. Eg er kristen og utdanna teolog, Og eg synest at både slike reklamar og filmar som Monthy Pyton Life of Brian er bra og morosame. Eg vil ikkje brukt Blasfemiparagrafen for å setja stoppar for slikt. Men det er folk som meiner og trur at slike ting kan ein ikkje spøkja med. OK, då seier me det. Posten oppførte seg rett og stoppa reklamen i Noreg, medan den blei kjørt som normalt i resten av Skandinavia. Er svenskar og danskar då meir tolerante? Eller mindre kristne? Det kunne vore oppningsspørsmåla til ein skikkeleg debatt rundt temaet for media-Norge. Men den debatten kom aldri.
Alle veit at det finst mange konservative, ekstremistiske muslimar. Det veit til og med muslimane sjølv. Men er ikkje det litt sjølvgodt og barnsleg å peika mot seg sjølv og seia «Eg er veldig veldig tolerant» og retta den same fingaren mot dei som tenkjer annleis og seia «Og eg veit at du ikkje er det»?
Ein kan ikkje banka toleransen inni hovudet på andre. Toleranse finst ikkje utan respekt. Vil du bli respektert, respekter andre.
Då den store fyrsten i Litauen ville byggja opp landet og gjera det fint og sterkt for nokre hundreår tilbake, vendte han seg til folk frå andre nasjonar. Han inviterte utenlandske kunstnarar, vitskapsmenn og handverkarar. Dei fleste var muslimar. Dei kom og busette seg i Litauen for å læra ifrå seg kunnskapen. Dei fekk lov å praktisera trua si og pleia sine tradisjonar. Dei fekk lov å gå i sine klede. Og veit du kva? Nå har eg naboar som eg ville aldri sagt var noko anna enn litauerar. Eg ser ingen forskjell. Me har moskeer som me ikkje legg merke til ein gong. Me har muslimar. Men me kan ikkje sjå på dei at dei er det. Dei er nett som oss. Dei er oss.
Kanskje vegen mot toleranse frå andre må begynna med... toleransen for andre?
Torsdag 5. november 2009
Mikkel Rev sitt siste meisterverk, eller samlokaliseringseventyret
Den 28. oktober skreiv nett-Grannar at dei to helsestasjonane i Skjold og Vikedal er historie. Med andre ord, slik folk her i bygda seier, blir helsestasjonane «nerlagde». Då eg las det, tenkte eg, «Ja, ja, det er nok finanskrisa som pressar på. Må visst sparast inn der og...». Men så fekk eg nokre telefonar frå meir oppvakte folk som følgjer litt meir med og fekk vita at det er ikkje innsparing som er grunnen til dette politiske vedtaket. Ka er det då? For å finna svaret måtte eg grava fram sakspapira på kommunen si nettsida. Eg fann innsynspapira, men ikkje svaret.
Det første signalet om at saka er selt fekk eg då eg fekk auge på kven som var forfattar eller saksansvarleg, som det heiter på kontorspråk. Sakspapiret opplyste at det var den same Gunn Vikingstad, som nett som eg hugsar, for nokre år tilbake argumenterte gledeleg for kraftige nedskjeringar i heimetenesta. Det lovar bra, tenkte eg ironisk og heiv meg over det som eg vil kalla for Mikkel Rev-meisterverket. Eg døypte dette skriveriet etter den folkekjære luringen og ordmeisteren, fordi argumentasjonen i saksutgreiinga kan trygt måla seg med oppfinnsamheita til den smarte reven.
Berre ved å lesa det første avsnittet får lesaren inntrykk at nedlegginga av dei to stasjonane er meir eller mindre bestemt. Samlokalisering, som det heiter på kontorspråket, er ein del av minst to andre politiske mål - budsjettet og ein eller annan handlingsplan. Nå gjenstår det berre å skriva ei nokolunde rimeleg saksutgreiing og vurdering, verkar det som. Her kjem det forteljartradisjonen etter skrøneforteljaren Mikkel godt til nytte. Tykkjer du at eg dømer for kraftig? Les med meg.
Det første argumentet for nedlegging eller samlokalisering av helsestasjonane i Ølen er at trass i at «den faste oppfølginga av gravide og spedbarn/småbarn må skje i helsestasjonen sine lokale», argumenterer Vikingstad vidare at «for brukarane er dette ting som skjer i ein forholdsvis kort periode». Derfor «antar» den saksansvarlege at «det er akseptabelt med lengre reisetid og -avstand for desse». Dette argumentet kan slå an hjå ein som ikkje har ungar eller har ungar med stor aldersforskjell. Men har du tre ungar (vanleg standard her i bygdene) med to år imellom dei, må du rekna med omkring ti år inn og ut helsestasjonen. Er det «ein forholdsvis kort tid»? Vikingstad har heller ikkje nemnt noko om korleis dobbeltime, då ungane har time både hjå helsesøster og lege, skal løysast i så fall.
Neste argumentet er helsefarleg å lesa med kavring i munnen. Tygg godt, skyl den ned med kaffien og les - «Helsestenesten skal ha godkjente lokale med tilgang på vask på kvar skule. I dag er det berre Vats og Sandeid som har tilfredstillande lokale i dette føremålet.» Skjerp dykk Vikedal, Imsland, Skjold, Vikebygd og Bjoa! Har ikkje de høyrt om vår tids oppfining som heiter vask? Skaff dykk vask og såpa og helst - tilfredstillande! Slik som Vats og Sandeid har gjort. Kva dette har med nedlegginga av helsestasjonane å gjera er vanskeleg å skjøna, men er likevel interessant å lesa at handvask kun blir utført riktig i to bygder i kommunen. Kva er dei vaskane med såpedispensarane på andre skulane for? Til å laga skumbad for dokker?
I tillegg oppmodar forfattaren å oppretthalde lokale til «dette føremålet» (eg antar handvask, sidan det ikkje er nærare spesifisert) i kvar skulebygd «uavhengig av ei ev. samlokalisering». Er ikkje det betre å la det stå som det er i dag då?
Det er visst ikkje det, går det fram vidare i argumentasjonen, sidan alle reise og -avstand ulempene skal vegast opp mot «den rasjonaliseringsgevinsten ein får». Sidan den siste er ikkje forklart i verken tal eller prosent, lurer eg på om det er ein grønsak eller fisk, eller noko anna me skal sluka rått? At sistnemnte er berre noko Mikkel Rev har fiska opp frå lomma si er klart då me i same skrivet les om at Utval for oppvekst og omsorg som hadde saka før den kom opp i kommunestyret kom fram til ein konklusjon at dei ikkje ser at det er innsparingar ved å samlokalisera helsestasjonane.
Men Mikkel blir berre endå meir inspirert av utfordringa. Bevisa det umulige! Jess, dette er målet som kan gje han eit ekstra fjær i hatten! Så høyr no, kjære lesar, her kjem det.
Ved samlokaliseringa, skal det bli eit «lavterskeltilbud» ved den nye helsestasjonen i Ølen, der ein kan berre «stikke innom», og «å treffa helsesyster på telefon» blir endå enklare. Men samtidig, seier saksansvarlege, at redusering av bemanning også er ei moglegheit ved samlokaliseringa. Som Judith Sheindlin, ein kjent familiedommar med eige tv-show, seier: Dersom noko ikkje hengjer på greip, er det heller ikkje sant. Slik kan eg og avslutta dette brevet til lesarane og kommunestyre.
Ein kan ikkje argumentera at samlokaliseringa av helsestasjonane skal gje større fagmiljø for helsesystrene og samtidig snakka om reduksjon av bemanninga, som på folkespråk tyder - helsesystrene. Ein kan ikkje snakka om vinsten frå rasjonalisering og effektivisering av tenesta, når det i same skrivet står at kommunen allereie brukar for lite pengar på helsestasjonane og at samlokaliseringa ikkje skal føra til meir innsparing. I same utgreiinga står det at det er særskild viktig å oppretthalde tilbodet for ungdommen, men blir det mange ungdomar frå Skjold og Vikedal som vil ta ein buss for å «stikka innom»?
Som ein del av argumentasjonen er at det er få som ikkje har bil her i kommunen. Men kva med dei nye innbyggjarane på asylmottaket i Vikedalsdalen? Blir dei henta med buss? Skal helsesøstera opp til dei?
For meg verkar det som om nedlegging av helsestasjonane i Skjold og Vikedal berre er ei brikke i eit større puzzlespel, t.d. flytting av ungdomsskule til Ølen. Slik som det blei gjort med biblioteka i Sandeid og Skjold for å få nok argmentasjon for galskapens prosjekt som fekk eit verdig namn - Opera i Ølen. Det er sikkert også ein del press frå handelsstanden i Ølen som har nokre ledige lokale i Ølen senter og vil gjerne fylla dei opp. Ein ekstra tur til Ølen for dei som tek seg både av ungar og innkjøpet i huset gjer ekstra pengar i kassa for dei som lever av det.
Gjera om på vedtaket er noko kommunestyret kan tenkja på i adventstida. Kanskje med god gløgg eller eit glas vin framføre peisen? De kan viss de vil. Fekk jo polet på plass. Dette her blir mykje enklare.
Aurelija P. Hustveit,
(imslandsbu og mor til Sofia (8) og Emma (6mnd.))