Digital lansering

Nå publiserer me fleire redaksjonelle saker digitalt

Kva inneber det?
Då lanserer me eit nytt utvida produkt som gjer at du som abonnent får tilgang til Grannar på papir, nett, mobil og nettbrett, til same pris som før. Det vil seia at du som abonnent kan lesa oss når du vil, og kvar du vil.
Kvifor gjer me dette?
Fordi nye lesevanar gjer at folk ynskjer å lesa lokalavisa på andre kanalar enn berre papir. Me produserer eitt innhald – du bestemmer sjølv kvar og når du vil lesa det.
Korleis gjer me det?
Alle abonnentar får tilgang til alt. Dei som ikkje er abonnentar får berre smakebitar på nettsida vår.
Kva med papiravisa?
Papiravisa lever i beste velgåande og vil verta å finna i postkassen din to dagar i veka. Me jobbar målretta med å betra innhald og tenester, slik at me skal komma endå tettare på deg og våre faste lesarar.
Kva får ein på nett?
Alt redaksjonelt innhald – dersom ein er abonnent! I tillegg vil det framleis verta levert smakebitar på nett, som før. Tilgang til heile vårt digitale arkiv av Grannar og Vindafjordingen tilbake til 1973.
Kva med dei som ikkje er abonnentar?
Dei vil få tilgang til det som ligg ope på nett. Dei fleste sakene vil ikkje vera mogelege å opna dersom ein ikkje er abonnent. Men det vil verta høve til å kjøpa avisa i laussal, digitalt og i papir, eller verta abonnent. Det blir som når du ser Grannar i eit avisstativ: Framsida er synleg, men vil du ha heile innhaldet, må du kjøpa avisa.
Oppsummert
Grannar sitt nye abonnement betyr at alt innhald frå papiravisa no også er tilgjengeleg digitalt for våre abonnentar, anten på nettavisa, eller i e-avisa, som er ein digital kopi av papiravisa. Sagt enkelt: Me produserer eitt innhald levert på alle kanalar. Har du betalt, så har du betalt. Les oss kvar du vil, når du vil!