Nyhende |
||
Nostalgi og trykk i VikedalEnergibombene Bjørn Hellfuck og Ingenting gjorde Sommarfestivalen Vikedal til ein stemningsfull affære i helga.
Etter litt tekniske utfordringar kom Bjørn Hellfuck i gong med sin konsert i teltet i Vikedal. For mange var dette eit høgdepunkt, og den maskerte, kjolekledde bergensaren skuffa ikkje. Konserten utvikla seg til ein energisk affære der Hellfuck og sine maskerte musikarkompisar skapte eit enormt trykk. Teltet var ikkje fullpakka, men dei som stod føre scena kompenserte med stort engasjement og entusiasme.
Når den store hiten "Krabbeklo" vart framført på slutten av konserten, vart det plutseleg mange fleire som entra teltet, og allsongfaktoren var på maksimalt nivå. Etter Hellfucks overbevisande opptreden var det Stavanger-bandet Ingenting sin tur til å vinne over publikumet i Vikedal. Dette skulle vise seg å vere ei overkommeleg oppgåve for siddisane. Dei gamle heltane drog både yngre og eldre fram mot scena, og konserten deira fylla opp teltet, og heva stemninga endå eit hakk frå Bjørn Hellfuck si framføring. Folk dansa, både på golv og bord, og song med til alle dei gode gamle slagarane til Ingenting kom som perler på ei snor.
Blant eit allereie smilande publikum vart humøret heva eit ytterligare hakk av dei etter kvart så rutinerte Stavanger-karane. Ein kan trygt seie at festivalveka i Vikedal vart avslutta med eit ordentlig smell. Arrangørane var også veldig nøgde.
Han påpeikar at dette er positive tal, spesielt med tanke på det varierande vêret som herja distriktet i helga. Opsahl er også veldig nøgd med bandet Ingenting. |
||
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 15:36
Nynorsk gjennom leik og moroMed satsinga «Sprek i Språk» skal dei yngste vindafjordingane bli betre i nynorsk. Kommunen deler nå ut språkkort og bokpakkar til alle barnehagane i Vindafjord. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 15:19
Høglytte festar gir naboplager— Folk eig ikkje omsut for naboane sine, seier lensmann Ingvar Gjærde etter nok ei helg med politiutrykking til høglytt festing. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 20:22
Ny runde om meierietByggjeplanane for meieritomta i Etne sentrum held fram. Ny næringsaktør skal vera på banen, og leilegheiter er framleis aktuelt. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 16:28
Tok gull i rallycrossDaniel Holten blei noregsmeister i rallycross under siste rundane på Gardermoen søndag ettermiddag. — Det største eg har opplevd, seier 18-åringen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 14:37
Raud fjord i VatsDet er tatt prøvar av Vatsfjorden etter at det laurdag morgon blei observert rustfarga vatn ved båthamna i Åmsosen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 14:21
Tapte mot HalsnøyDet har ikkje gått rette vegen for verken Etne eller Skjoldar/Vats 94 på fotballbanen denne veka. Ølen derimot, sikra seg sigeren mot Sveio. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:47
Leiar før finalenDaniel Holten ligg på første plass i sin klasse, før siste runde og kamp om noregsmeisterskapet. Store delegasjonar frå Team Holten og Moland Racing Team har sett kursen mot noregsmeisterskapet i rallycross på Gardermoen i helga. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 16:12
Tre sikta etter husbrannPolitiet har sikta tre personar etter brannen i eit bustadhus i Etne natt til sundag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 14:52
Tre bygder om sams hallPå onsdag blei det tatt eit historisk spadestikk, med første gravetak for ny idrettshall i Vikedal. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 16:34
Milliardutbygging i vindmølleparkVindmøllepark til over ein milliard kroner i Døldarheia mellom Sandeid og Knapphus er eit viktig steg nærmare. Utbyggarane Haugaland Kraft AS og Fred Olsen Renewables AS har mål om byggjestart i 2013. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:54
— Kan vera påsettPolitiet jobbar nå ut frå ein mistanke om at brannen i Etne i helga var påsett. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 08:25
|
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 14:36
Klar for finale i NMMoland Racing Team førebur seg på siste runde i noregsmeisterskapet i Rallycross » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 30.08.2010 - 11:55
Tusen fiskar gir optimismeOver tusen laks og sjøaure har passert lakseporten i Vikedalselva som er stengt for fiske. Det gir håp om laks på kroken neste sommar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 18:50
Pustar liv i Saudaveg-planarOrdførarane i Sauda og Etne vil få gang på vegplanane mellom kommunane igjen. Planarbeidet kan bli tatt opp allereie i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 18:41
|
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 14:35
|
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 14:30
I fjellveggen utan førarkortDen 17 år gamle føraren hadde med seg to passasjerar i bilen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 13:09
|
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 16:52
Solid start på haustenEtne opna haustsesongen med ein solid bortesiger mot Ferkingstad. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 15:31
Vær obs for seljararPolitiet har fått ei rekkje meldingar om engelsktalane seljarar og asfaltleggjarar den siste veka. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 26.08.2010 - 11:32
Maks uflaks for KristianSist helg var han heime i Sandeid for første gong på over fire månader. I rullestol. Ei paragliderulukke i Etne på vårparten snudde livet opp ned for Kristian Helgeland (24). » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 25.08.2010 - 15:56
Fire frå Ap gir segMedan storparten av Ap-representantane takkar for seg, vil ikkje Sp-folket gje noko svar om attval før nominasjonsrundane tek til blant politikarane i Etne. » Les heile saka |












