Nyhende |
||
Full fart på stølstreffJohannes Jansen Heggebø (14) frå Bergen har hatt ei aktiv helg på Eikemo. Han var på helgetur saman med bestemor frå Ølen.
Johannes Jansen Heggebø (13) frå Bergen var på stølstreff saman med bestemor Johanne Marie Heggebø frå Ølen, og resten av familien.
Staurbering, mjølkespannkasting, song og musikk prega programmet under stølstreffet på Eikemo.
Godt over 150 menneske deltok på arrangementet. Her var folk i alle aldrar; frå tre månadar gamle babyar til eldre søsken, foreldre, tanter og besteforeldre.
Transport Medan nokon nytta seg av eksotisk traktorsafari opp langs dei skarpe svingane til stølen, var det andre som brukte beina.
— Eg vil springa opp ved sida av traktoren pappa, trur du eg klarer å halda følgje? spør Johannes Jansen Heggebø, og vender seg mot faren.
Vel framme Seks kilometer seinare, var journalisten og dei andre bak i passasjervogna framme. Johannes venta på toppen. Der hadde han til og med stått ei stund.
— Det var ikkje så slitsamt som eg trudde. Nå ser eg fram til å konkurrera i mjølkespannkasting og staurbering. Eg har skikkeleg konkurranseinstinkt, så eg skal gi alt, seier Johannes Jansen Heggebø.
Sjå fleire bilde her.
Les meir om stølstreffet, og korleis det gjekk med Johannes, i papiravisa på torsdag.
|
||
Nyhende
Publisert 10.09.2010 - 09:32
Ber om tips etter båtbrannEin nesten ny cabincruiser er funne utbrent i Ølen båthamn. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 16:47
|
Nyhende
Publisert 09.09.2010 - 08:42
Bilplanar for meierietEtter planar om både utviding på Tongane og nyetablering på Madsgård, ser nå Ole Martin Grindheim til meieritomta for nytt bilsenter for Etne Auto AS. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 08.09.2010 - 16:48
Ein allsidig båtDen siste båten levert frå Westcon kan brukast til det meste. «Stril Explorer» er bygd for dykkearbeid i Nordsjøen, men blir i første omgang hotellskip. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 14:58
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:58
— Kan vera algeoppblomstringPolitiet meiner det raude vatnet i Åmsosen kan ha naturlege årsaker. — Algeoppblomstringar er ikkje så korte og lokale, seier Ståle Jøtne, og viser framleis til ballastvatn frå AF Decom på Raunes. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 15:36
Nynorsk gjennom leik og moroMed satsinga «Sprek i Språk» skal dei yngste vindafjordingane bli betre i nynorsk. Kommunen deler nå ut språkkort og bokpakkar til alle barnehagane i Vindafjord. » Les heile saka |
|
Nyhende
Publisert 06.09.2010 - 15:19
Høglytte festar gir naboplager— Folk eig ikkje omsut for naboane sine, seier lensmann Ingvar Gjærde etter nok ei helg med politiutrykking til høglytt festing. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 20:22
Ny runde om meierietByggjeplanane for meieritomta i Etne sentrum held fram. Ny næringsaktør skal vera på banen, og leilegheiter er framleis aktuelt. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 16:28
Tok gull i rallycrossDaniel Holten blei noregsmeister i rallycross under siste rundane på Gardermoen søndag ettermiddag. — Det største eg har opplevd, seier 18-åringen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 05.09.2010 - 14:37
Raud fjord i VatsDet er tatt prøvar av Vatsfjorden etter at det laurdag morgon blei observert rustfarga vatn ved båthamna i Åmsosen. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 04.09.2010 - 14:21
Tapte mot HalsnøyDet har ikkje gått rette vegen for verken Etne eller Skjoldar/Vats 94 på fotballbanen denne veka. Ølen derimot, sikra seg sigeren mot Sveio. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:47
Leiar før finalenDaniel Holten ligg på første plass i sin klasse, før siste runde og kamp om noregsmeisterskapet. Store delegasjonar frå Team Holten og Moland Racing Team har sett kursen mot noregsmeisterskapet i rallycross på Gardermoen i helga. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 16:12
Tre sikta etter husbrannPolitiet har sikta tre personar etter brannen i eit bustadhus i Etne natt til sundag. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 02.09.2010 - 14:52
Tre bygder om sams hallPå onsdag blei det tatt eit historisk spadestikk, med første gravetak for ny idrettshall i Vikedal. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 16:34
Milliardutbygging i vindmølleparkVindmøllepark til over ein milliard kroner i Døldarheia mellom Sandeid og Knapphus er eit viktig steg nærmare. Utbyggarane Haugaland Kraft AS og Fred Olsen Renewables AS har mål om byggjestart i 2013. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 15:54
— Kan vera påsettPolitiet jobbar nå ut frå ein mistanke om at brannen i Etne i helga var påsett. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 01.09.2010 - 08:25
|
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 14:36
Klar for finale i NMMoland Racing Team førebur seg på siste runde i noregsmeisterskapet i Rallycross » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 30.08.2010 - 11:55
Tusen fiskar gir optimismeOver tusen laks og sjøaure har passert lakseporten i Vikedalselva som er stengt for fiske. Det gir håp om laks på kroken neste sommar. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 18:50
Pustar liv i Saudaveg-planarOrdførarane i Sauda og Etne vil få gang på vegplanane mellom kommunane igjen. Planarbeidet kan bli tatt opp allereie i haust. » Les heile saka |
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 18:41
|
Nyhende
Publisert 29.08.2010 - 14:35
|












