juletonar-sponsorar

Juletonar

Grannar, lokalavisa for kommunane Vindafjord og Etne, har i år valt å gi ei eksklusiv julegåve til alle abonnentane. Som vedlegg til papiravisa torsdag 4. desember vil ei jule-CD med lokale artistar fylgja med. Det er også mogeleg å få tilgang til albumet digitalt for dei som er abonnentar.

— Det er sjølvsagt kjekt å kunne få til noko så uvanleg som dette. Me set stor pris på abonnetane våre, og håper at denne julegåva vil fella i smak. Me har mange flinke lokale artistar i kommunane våre, og ei rekkje av desse har stilt opp. Eg synest det er blitt eit svært bra album som vil vera med å setja folk i god julestemning, seier redaktør Arne Frøkedal.

CD-en inneheld ti spor. Prosjektet er gjort i samarbeid med ABC Studio i Etne. Juletonar frå Grannar-bygder er spelt inn i ABC Studio Etne hausten 2014. Lydteknikar og produsent : Kjetil Ulland. Prosjektleiar : Stig Morten Sørheim. Plata er gjeve ut på ABC Tunes.

Også ei rekkje sponsorar frå næringslivet i Vindafjord og Etne har bidratt for å få dette unike julegåva i hamn.

Under kan du høyra på songane.

juletonar


berge-ohm

Berge Ohm – All I Want For Christmas is You

Berge er 17 år og kjem frå Skjold. 2. år på HTG Berge har: Delteke i Norske Talenter i 2011 der han kom til finalen og blei nr. 2. UKM Festivalen 2011 samt fleire fylkes- og kommunemønstringar. MGP jr. 2012 finale i fullsatt Oslo Spectrum (blant dei 4 første). MGP julekonsert i 2012, Grieghallen i Bergen. Song og spela gitar for Kronprinsparet i 2009 då dei besøkte Vindafjord. Song for 15-20.000 i fakkeltog på Rådhusplassen i Haugesund etter 22. juli 2011 tragedien. Opptrådt på Rootsen eit par gonger. Stillt opp for TV-aksjonen fylkesplan Sandnes 2011/Psykisk helse dag i Haugesund 2012. Vokalist og gitarist (akk.) i Level 6 – band frå Skjold som bla. vant Drømmestipendet 2014 . Har hatt en rekke opptredenar dei siste 3 åra.

Berge Ohm – vokal, piano
Rune Rødne – tangenter
Nils Halleland – gitar
Kjetil Ulland – bass
Odin Staveland – trommer


vimm

VIMM – Mitt hjarte alltid vankar

Vokalgruppa VIMM kvartett er eit resultat av fleire år med musikalsk samarbeid mellom Veronica Hansen frå Etne, søstrene Ingvild Arianson og Mildrid Arianson frå Bjoa, og Miriam Amdal frå Ølen. Dei elskar å drive med musikk og å formidle stemning gjennom tekst og tonar til folk i forskjellige settingar. Å oppleve at ein kan glede eller røre andre gjennom musikken, er ei fantastisk kjensle. Ikkje minst har dei stor glede av prosessen med å lage eigne arrangement og finne fram til fine harmoniar. I desember 2012 arrangerte dei for første gong eigne konsertar. Dei leigde inn Kjetil Ulland som lydteknikar, og etter å ha erfart lyd av beste kvalitet har dei fortsatt samarbeidet. Dei spelar utan eit stort backingband, og med fokus på vokalane, er det blitt ei viktig prioritering.

Ingvild Arianson – piano, vokal
Veronica Hansen – vokal
Miriam Amdal – vokal
Mildrid Arianson – vokal


bjellands

Bjellands Ugras – Eg lengta heim til jul

BJELLANDS UGRAS er namnet på bluegrassprosjektet til Sveinung Bjelland (Matpackers/Pakkers). Med seg i bandet har han fått bl.a. strengefenomenet Bjørn Berge på banjo, Arnt Ove Kvernenes på munnspill, Kjetil Ulland på bass og Nils Halleland, mandolin.

Sveinung Bjelland – vokal, akkgitar
Bjørn Berge – banjo, dobro
Nils Halleland – mandolin, akkgitar
Kjetil Ulland – bass
Arnt Ove Kvernenes – munnspel
Stig Morten Sørheim – kor
Olagutane – kor

thomas-amalie

Amalie og Thomas – Have Yourself a Merry Little Christmas

Amalie Grindheim er 14 år og går på Enge skule i Etne og ho elskar å synge, noko ho har gjort sidan ho kunne snakke. På kulturskulen har ho lært å spele piano og nå også gitar. Då ho var 11 år fekk ho synge med Elisabeth Andreasen på opninga av Skakkesenteret i Etne. Den opplevelsen gav henne lyst til å synge mykje meir. Innimellom har ho små opptredenar i lokalsamfunnet. Ho har medverka på UKM fleire gonger og hadde ei rolle i Sogespelet «Kongen frå Etne» i 2014. Thomas Klungland kjem frå Etne, går på Lundeneset VGS i Ølensvåg. Han byrja å spela piano i 2. klasse. Musikk er den største interessa hans. Han komponerer også sin eigen musikk, pianostykker og fullverdige produksjonar med mange instrument.

Amalie Grindheim – vokal
Thomas Klungland – piano


dagny

Dagny Christophersen – River

Dagny har vore aktiv som songar sidan midten på 80-talet. Musikken har alltid vore den viktigaste hobbyen hennar. – Vore på plakaten fl eire gonger på Skånevik Bluesfestival – sist gong i 2012 under 15-årsjubileet til festivalen. – Har bidratt på julekonsertar og i mange andre samanhengar, der song og musikk har vore ein del av underhaldninga. – Fast medlem i revygruppa Himkok, og har bidratt både med revytekstar og galskap på revyscenen dei siste 20 åra. Under 30-årsjubiléet til Ølen kulturhus song ho duett med Jan Eggum. Ho har og vore brukt som korist når kjende artistar har hatt konsert i distriktet. Ho har kora både for Grete Svendsen, Olav Stedje og Elisabeth Andreassen. Ifjor bidrog ho som korist på songen «Hush» på plata Bjørn Berge spela inn i ABC-studio i Etne. Leia Ølenskoret som vann Korslaget på Etnemarknaden i 2013.

Dagny Christophersen – vokal
Rune Rødne – piano, orgel
Morten Rødne – gitar
Anders Lunde – bass
Arne Haugen – trommer
Ole Jakob Hystad – sax


vegard-skartland

Vegard Skartland – Eit lys i mørketida

Vegard Skartland er 17 år, kjem frå Vikebygd og går på Ølen VGS, allmennfag/realfag. Han bur på gard med sauer, melkekyr og sagbruk. På fritida likar han å synge og spele piano. I tillegg spelar han i Vikebygd skule- og ungdomskorps (kornett), spring orientering og spelar litt volleyball. Elles brukar han mykje tid heima på garden og på sagbruket når han ikkje driv med musikk eller lekser.

Vegard Skartland – piano, vokal
Nils Halleland – lapsteel
Kjetil Ulland – bass


maria-og-reinhardt

Maria & Reinhardt – Baby It’s Cold Outside

Maria og Reinhardt, niese og onkel med sitt største møtepunkt i musikken, har leika med tanken før om å spela inn ein duett. Då ABC Studio kom med førespurnaden om å bidra på juleplata blei det ein realitet. I songen «Baby it`s cold outside» kjem den vakre kontrasten mellom den klare og klokkereine røysta til Maria, og den grove, mørke og karekaristiske røysta til Reinhardt til sin rett. Den elegante måten dei komplementerer kvarandre og kommuniserer med kvarandre på er eit resultat av over 20 år med mange jamsessions heime i stova!

Maria Toresen – vokal
Reinhardt Toresen – vokal, munnspel
Lasse Jarmer – piano
Anders Lunde – bass
Arne Haugen – trommer


karoline

Karoline Taraldsøy – Himmel på jord

Etter mange år med musikken som hobby, har Karoline Taraldsøy valgt å ta steget fullt ut, og satsar nå på ei solokarriere på heiltid. Karoline har med seg gitaren, og gjer like gjerne oppdrag på den lokale puben, som mindre innslag i privat regi. Å spela på pub er ikkje ukjent for Karoline, då ho har erfaring frå bandspeling tidleg på 2000-tallet. Kor, bryllaup, mindre oppdrag, teater- og revyopptredenar gjennom mange år er også på lista. Karoline er allsidig og gjer full trøkk på pub, samtidig som ho viser si mjukare side ved mindre oppdrag der ho gjerne fremfører eigne songar frå CD-en «Ta deg tid» som ho gav ut juni 2013.

Karoline Taraldsøy – vokal
Lasse Jarmer – piano
Nils Halleland – gitar


tom-roger

Tom Roger Aadland – Det lyser i stille grender

Rockepoeten Tom Roger Aadland blei lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet «Blod på spora». Låten «Vikla inn i blått» frå denne suksessplata blei nyleg kåra til ein av tidenes 25 beste norske coverlåtar av WiMP. Då CD-en «Fløyel og stål» kom ut, hamna låten «Min beste ven på ein dårleg dag» fort på A-lista på P1, og albumet fekk strålande kritikkar. «Låtskriver og formidler i særklasse» og «et av høstens beste album», var blant karakteristikkane av plata, som kritikarane trilla terning fem og seks for. Hellbillies valde han som support-artist på jubileumsturneen, og nyleg opna han konsertar for Sivert Høyem. No er han aktuell med eit nytt album, produsert av Lars Voldsdal (Madrugada, Hellbillies) og innspelt med nokre av landets fremste rockemusikarar.

Tom Roger Aadland – vokal, akkgitar


julia-og-lydia

Julie & Lydia – Eg tenke på deg

Julie Skipevåg og Lydia Helland er to musikkinteresserte jenter frå Vikedal som har sunge saman i rundt 6 år. Saman med Gunhild Skeie frå Sandeid på gitar er dei ein liten trio som har spela på mange ulike arrangement. Dei har òg spelt mykje saman med band, og har arrangert eigne julekonsertar. I 2014 vann dei ungdomsprisen til Lions International for innsatsen dei har gjort med musikken.

Lydia Helland, piano, akkgitar, vokal
Julie Skipevåg Andreassen, vokal
Kjetil Ulland – bass


Juletonar er realisert med sponsorstøtte frå:

juletonar-sponsorar