Kari Aakra
Fleire hundre stemmer har kome inn sidan lokalavisa Grannar annonserte kandidatane til årets namn 2008 like etter nyttår. Lis Tokheim og hennar engasjement på mange frontar i lokalsamfunnet har rørt ved mange, og viste godt att blant stemmene som kom inn. 28 prosent av alle som stemde, meinte 76-åringen frå Sandeid fortente utmerkinga.
— Det var jo ei ære! Eg var veldig spent på dette, men eg hadde ikkje forventa å vinna. Det er jo litt uvisst kva folk legg vekt på når dei stemmer, seier ei forbausa og jublande glad Tokheim.
—Livsstil
Men stemmegjevarane hadde nok å velja i av grunnar for å stemma på Tokheim. Eit mangeårig engasjement i Sanitetsforeininga i Sandeid, politisk engasjement i Vindafjord, styremedlem og eldsjel for stiftinga Hogganvik Landsby. Ein kan toppa merittlista med aktiv innsats for mellom anna utbygging av samfunnshuset og Kystkulturdagane i Sandeid. Men Tokheim sjølv har vanskar med å peika på kva engasjement som har ført til ei slik stemmesanking.
— Når ein held på med slikt som dette, blir det ein livsstil. Ein engasjerer seg i mykje, og ein forventar ikkje noko heider for det. Likevel trur eg nok det er engasjementet i sanitetsforeininga som har utmerka seg. Me gjorde mykje bra der då eg var formann, mellom anna å få på plass helsehuset, fortel 76-åringen, som nå seier ho har sagt frå seg stillinga som formann i «foreininga», men som framleis er fungerande leiar med andre foreiningskollegaar.
Viktig med kvardagsheltar
— Det er jo så mange som får prisar nå i januar, så eg har nok følgt slike kåringar med ekstra interesse i år, fortel Lis Tokheim.
Og talet på innsende forslag og stemmer på «Årets namn 2008» i Grannar viser at kåringar av denne typen engasjerar. Med tolv kandidatar å velja mellom etter forslag frå lesarane, og fleire hundre stemmer er redaktør Arne Frøkedal i Grannar nøgd med engasjementet ute blant folk.
— Me plukka ut seks kandidatar før nyttår og må seia at alle desse er vinnarar. Dette var personar som har markert seg sterkt i 2008, eller som over fleire år har gjort ein innsats i lokalsamfunnet, seier Frøkedal.
Jamt
Redaktøren tykkjer det er positivt at det ikkje berre er kjendisnamn som går att i denne kåringa. Like viktig er det å løfta fram dei som ikkje naudsynleg er gjengangerar i media.
— Me ville like gjerne ha fram kvardagsheltane. Det var heller ikkje eit minus at det ikkje var ein kjendis med ei særskild bragd bak seg, som blei vinnar.
Det blei dessutan svært jamt mellom kandidatane til slutt og kunne ha vippa over på ein av dei andre gode kandidatane. Hans Haugland frå Ølen (23 prosent) og Brit Ohm frå Vats (18 posent) kom tettast.
Men det var ein verdig vinnar, ei kvinne som har vist engasjement på mange frontar over lang tid. Både i politikken, kulturlivet og på den menneskelege sida i samfunnslivet har Tokheim vore aktiv, seier Frøkedal, som allereie no oppmodar lesarane om å tenkja på kandidatar til kåringa neste år.