10 månadar for narkotikasal

Den 27-år gamle mannen frå Vindafjord er i Haugaland Tingrett dømd for fem lovbrot. På […]

Den 27-år gamle mannen frå Vindafjord er i Haugaland Tingrett dømd for fem lovbrot. På vårparten blei han stansa for køyring i påverka tilstand, og oppgav då falske personlege opplysningar til politiet. På sommaren same året kjøpte han betydelege mengder narkotika i Stavanger, som han også skal ha seld vidare. Same månad blei skal mannen sjølv ha brukt amfetamin i Haugesund. Mannen tilsto alle tilhøva utan atterhald.

Dømd for sjette gong
27-åringen blei i mars 2008 stansa av politiet på E 134 i Tysvær for å køyra under påverknad av alkohol, amfetamin og metamfetamin. Blandingspåverkinga blei målt som tilsvarande nærare 1 promille. Mannen hadde med seg ein passasjer i bilen, og køyrde utan gyldig førarkort. Då politiet stansa han, oppgav han falskt namn.
Mannen er domfelt fem gonger tidlegare, mellom anna for køyring i påverka tilstand, køyring utan gyldig førarkort og vinningslovbrot.
Siste domfelling kom i mars 2008, då han blei pågripen køyrande under påverknad av rusmiddel og utan gyldig førarkort. Mannen blei då dømd til åtte månadar fengsel.

Skulle finansiera hus
I juni månad i fjor kjøpte mannen større mengder narkotika i Stavanger. Mellom anna skaffa han seg 70 gram amfetamin og 200 tablettar ecstasy. Mannen selde 10 gram amfetamin og omlag 50 av tablettane vidare. Resten av stoffet var i hovudsak meint for vidaresal då mannen blei pågripen av politiet i juli.
Retten la vekt på den betydelege spreiings- og omsetnadsfaren ved mengdene narkotika mannen oppbevarte. Profittmotivet bak handlingane, la retten til grunn som skjerpande omstende. Mannen innrømde også at stoffet var meint for vidaresal som skulle finansiera huslånet hans.
Mannen blei dømd til ti månadars ubetinga fengsling.