— Det er svært fine forhold i elva no. Sidan søndag er det blitt teke godt og vel 100 fiskar, seier elveeigar Nick Jakobsen.
Vegar Grumheden og Nils Haugen i Etne Jeger og Fiskerforening, kan begge skrive under på at fiskelukka er god no som elva er såpass stor.
— Det er mykje fisk i elva. Sjølv om elva var temmeleg grumsete den første tida etter at regnet kom, var det mykje fisk, seier Vegar Grumheden.
Sjølv hadde han nett halt i land sin største fisk i Etneelva denne sesongen då Grannar var på besøk onsdag formiddag. Ein fin rugg på 5,2 kilo.
Litt lengre nede i elva prøver Nils Haugen lukka. Også han har fått fisk.
— Eg har fått ein fin aure i dag, seier han.
Snart slutt
Fiskesesongen for i år nærmar seg slutten, 10. september må fiskeutstyret pakkast vekk for denne gong. Onsdag og torsdag denne veka kan alle som er medlemmer i Etne Jeger og Fiskerforening fiske gratis.
— Det har vore veldig god interesse, i går var det seks – sju fiskarar her, seier Vegar Grumheden, som avsluttar sin fiskesesong på torsdag, det same gjeld for Nils Haugen.
Alt i alt fortel karane om ein sommar med totalt sett god fangst.
— Det var veldig bra i starten, men så kom tørken, og no ser det ut til å bli ei kjempeavslutning. Det er tatt mykje mellomlaks, og det betyr at det blir storlaks til neste år, seier Grumheden og gler seg allereie.
Freda elv i Vikedal
I Vikedal var elva freda då regnet endeleg kom, og fiskarane måtte vere tilskodarar til at laksen kom måndag og tysdag. Grunneigar og styremedlem i Vikedal elveeigarlag, Berge Kjell Opsal, fortel at fangsten på onsdag ikkje var så sprek, med totalt seks – sju fiskar.
— Det blir heilt sikkert betre når elva får roa seg litt. No går det nesten berre an å fiske i den øvre delen, nede er elva litt for stri enda, seier han.
I Vikedal var det fanga 55 fiskar før tørken kom.
—Til i dag er det ikkje blitt tatt ein einaste fisk sidan andre helga i juli, seier han.
I Vikedal varer fisket til og med 14. september.
100 fiskar på tre døgn
— Det er svært fine forhold i elva no. Sidan søndag er det blitt teke […]