105.000 for jarnskrap

Den store pengegåva var resultatet av innsamlinga av jarnskrap, som AF Decom i samarbeid med […]

Den store pengegåva var resultatet av innsamlinga av jarnskrap, som AF Decom i samarbeid med Vats bondelag har gjennomført i vår. Til saman blei det samla inn 200 tonn jarnskrap, som omgjort i pengar blei til 100.000 kroner.
Det var ein glad soknerådsleiar, Håkon Børre Koltveit, som tok imot den store pengegåva.
— Dette hjelper godt på i realiseringa av oppussinga av kyrkja, seier han. Han fortel at soknerådet har fått mange gåver til oppussinga.
— Sjølve jubileet er sett til 18. september. Me skal vera ferdige med arbeidet i god tid til det. Nå er me i sluttfasen med måling innvendig. Kyrkja har fått heilt nye fargar, alt saman er gjort i samarbeid med Riksantikvaren, opplyser han.
Marknad
I samband med kyrkjejubileet arrangerte soknerådet marknad i Vindafjordhallen. Det var aktivitetar for barn og vaksne ute, samt kafe inne i hallen med masse god heimebakst og kaffi til. Spesielt fekk nysteikte potetkaker føter å gå på.