17. mai for alle

Det er i hovudsak påstandane i tredje avsnitt i innlegget som gjer at eg ønskjer […]

Det er i hovudsak påstandane i tredje avsnitt i innlegget som gjer at eg ønskjer å formulere eit svar. Her skriv han om «alle kriminelle som snik seg inn og undergrev norske lovar og er i ferd med å øydelegge landet».
Eg stiller eit stort spørsmålsteikn ved dette. For utsegna framstår som malplassert i samanhengen, og tilhøyrer ein heilt annan diskusjon. Snakkar han om takhøgda for utenlandske flagg i 17. mai-toget, eller om kriminelle innvandrarar som øydelegg Noreg?
Sistnemnde påstand har utspring i eit landskap der framandfrykt oppstår, og bidrar til å forvanske integreringa av nye nordmenn. Då kan ein snakke så lenge ein vil om historia bak grunnlovsdagen, men ikkje utan å gå i motsatt retning av det Nordahl Grieg snakka om i «17. mai 1940» – nemleg fridom, omsorg og tryggleik.
Som innvandrar i Noreg vil mange etter kvart kjenne seg som nordmenn, på lik linje med oss som har røter her. At ein då tar med seg eit heimleg flagg inn i det norske toget kan då vere eit fint symbol – både på det som har vore, er og kjem.
For det norske samfunnet er eit fleirkulturelt samfunn, og kjem alltid til å vere det, også på 17. mai. Og eg trur ikkje eit heilnasjonalt 17.mai-tog vert øydelagd av den grunn. Markeringa vert berre styrka av nokre utanlandske flagg blant det raude, kvite og blå. Det er dette som er eit reelt bilde av Noreg, både i dag og i framtida. Det er dette som er fridom i 2008.

Asle Frøkedal