Heidra redningsmannen

Ivar Teigland Situasjonen var kritisk for dei 118 personane som hadde flykta frå kommunistregimet i […]

Ivar Teigland

Situasjonen var kritisk for dei 118 personane som hadde flykta frå kommunistregimet i Sør-Vietnam i ein liten båt.
— Me hadde vore tre dagar i båten ute på Sør-Kinahavet, og det var tomt for både mat og drikke. Eit par jenter var svært svake og låg og brekte seg. Innimellom var dei bevisstlause, fortel Nguyen Quang Minh som den gongen var 26 år gammal.
Fleire skip passerte dei, men så kom endeleg redninga. Frå høgtalaren på det norske skipet «Gudrun Bakke» høyrde dei kaptein Sverre Grunnaleite si stemme: «Kva kan vi gjera for dykk?»

Telt på dekk
— Eg veit ikkje kva me ville gjort viss me ikkje hadde blitt plukka opp. Påkjenninga hadde vore så stor ombord i den vesle båten, og me grein og grein i fleire timar når me nå endeleg var redda, kjem det frå Minh som i dag bur i Sandnes.
Han var den einaste av dei 118 vietnamesarane som kunne engelsk, og dei blei tatt godt imot av mannskapet på det norske skipet. Før båtflyktningane nokre dagar seinare blei levert i Hong Kong, budde dei i eit telt på dekk, mens dei svakaste fekk ligga i nokre av lugarane på skipet frå haugesundsreiarlaget Knutsen OAS.
Kapteinen frå Skjold er ganske beskjeden i forhold til hendinga på Sør-Kinahavet.
— Me gjorde jo berre vår plikt, og me var førebudd på at s”#”>te biten mellom Ølensvåg og Lundeneset på Rv 543. I tillegg blir det også ny gang- og sykkelveg på Vestbø i Sandeid med ein prislapp på 7 millionar kroner. — Eg er veldig glad for å få i gang desse to prosjekta. Det er gryteferdige prosjekt og vi har fått gjennomslag for det vi har lagt fram. Det tyder på at det har vore eit etterslep, seier ordførar Arne Bergsvåg. Regjeringa føreslår tiltak for totalt 2,3 milliardar kroner på vegsektoren.

Ikkje Etne

Det er andre gongen Vindafjord får ekstraordinære pengar til gang- og sykkelstig. Sist gong var det Skjold som fekk ekstra midlar frå Senterpartistatsråden i Samferdsledepartementet. Vindafjord-ordføraren er godt nøgd med tiltakspakken, og meiner den treffer godt for å få auka aktivitet for bygg- og anlegg i 2009. Etne kommune hadde presentert gang- og sykkelveg i Skånevik som eit prosjekt. Prislappen her var 10 millionar kroner, men den nådde ikkje opp. — Vi håpa sjølvsagt å få noko, men vi nådde ikkje opp i denne omgang. Det kjem kanskje ein ny sjanse, seier ordførar Sigve Sørheim i Etne.

Regjeringa gir også 110 millionar kroner ekstra til vedlikehald og oppgradering av fengsel, og her får Sandeid fengsel 1 million kroner.

Sjå her kva kommunane får:
8 millionar til vedlikehald