Heile 1800 hundar stilte i ringen framfor kyndige dommarar under hundeutstillinga i idrettshallen og på samfunnshuset i Ølen laurdag og søndag. Hundar i alle rasar og fasongar, store og små, kvelpar og vaksne, viste seg fram frå si finaste side.
— 1800 hundar er eit svært høgt tal. I fjor var det til samanlikning 1100 hundar. Det var ikkje rekorddeltaking i år, det var litt fleire for nokre år sidan. Ideelt er 1000 hundar passeleg her i Ølen, seier Jean Døvik, leiar i utstillingskomiteen. Ho fortel at tilbakemeldingane frå dommarane var at det var mange bra hundar på utstillinga dette året. Utstillinga var den 16. i rekkja til Ølen Etne Vindafjord hundeklubb, som rundar 20 år dette året.
Mykje venting
Mykje av tida på hundeutstilling går med til venting. Det er noko utstillarane er innforstått med. Men laurdag var det mange som meinte ventetida blei ekstra lang og unødvendig.
— Det har vore ei grei utstilling, men det har vore for mykje venting. Etter vår meining kunne dei rokkert litt på gruppene for å halda den oppsette tida. Me har gått og venta frå klokka 09.30. Begge hundane våre var best i sin rase og gjekk vidare og skulle etter programmet vore i ringen klokka 15.00. Nå er klokka snart fem og me veit enda ikkje kva tid det er vår tur. Men nå er det så seint at me må reisa for å nå ferja. Me tykkjer det er skikkeleg leit at hundane våre ikkje får gå vidare. Det seier Katja Hansen og Anette Sørensen frå Sandnes. Dei er ikkje sikre på om dei kjem tilbake til Ølen neste år.
Jean Døvik tar ikkje kritikken innover seg.
— Det at nokre dommarar brukar lengre tid enn andre, er noko ein berre må godta. Det er slik det er. Men det blei svært hektisk ei stund på laurdagen når så mange hundar skulle stillast ut. Me var ferdige i 18-tida laurdag og rundt klokka 17.00 søndag, seier Døvik, som meiner utstillinga var teknisk bra gjennomført.
Lokale vinnarar
Fleire av medlemmene i den lokale hundeklubben gjorde det skarpt på utstillinga. Lars Aareskjold i Ølensvåg gjekk til topps med sin Great Japanese Dog, som blei Best in Show i klassen kvelp, der 185 kvelpar deltok.
Kjellaug Selsaas i Vats vann klassen lydighet elite med Border Collien Loppa.
Vinnaren av heile utstillinga, og dermed Best in Show, var Fenomen, ein Japansk Spisshund; eigarar Hilde Skrämestø og Laila Høgemark frå Ålgård.
1800 hundar på utstilling
Heile 1800 hundar stilte i ringen framfor kyndige dommarar under hundeutstillinga i idrettshallen og på […]