250 på komlemiddag

Mannen som fekk den glimrande ideen til søndagens suksessmiddag, var Tor Åge Hundseid. Han har […]

Mannen som fekk den glimrande ideen til søndagens suksessmiddag, var Tor Åge Hundseid. Han har hjelpt elevane med å skaffe rimelege og gode råvarer. Saman med Gudrun Svantesvold, som berre hadde fått 1,5 times søvn på grunn av nattarbeid, stilte Tor Åge Hundseid opp allereie klokka sju søndag morgon.

Ikkje berre komle
250 selde komlemiddagar er eit tydeleg bevis på at ein farsdagsmiddag litt utanom det vanlege fall i god smak blant folk frå Vikedal og bygdene omkring.
— Me har seld 250 middagar, og så var ein god del ungar som åt pølser innom, og andre var her og tok berre dessert og kaffi. Alt i alt har det nok vore bortimot 350 mann her i dag, sa ei svært nøgd Lilly Laurense Nilsen i 10. klasse.
På kjøkenet var det hektisk aktivitet og mange raude kinn. Oppvasken var godt i gang og foreldra til dei reisesjuke elevane var glade for at middagen var vel i hamn.
— Me begynte laurdag kveld, då skrelte me 100 kg poteter, hakka opp grønsaker og kokte kjøt. Og så var det på han igjen i dag tidleg, sa ei travel Olaug Moberg.
Foreldra var fornøgde med innsatsen til ungdommane.
— Dei har stått på og vore med heile vegen, hakka grønsaker på laurdag, og i dag har dei stått for sal av billettar, servering og rydding, seier Olaug Moberg.

Skal vitje konsentrasjonsleirar
25.000 kroner kunne den travle gjengen setje inn på sparekontoen etter at roen hadde senka seg. Klassen har òg hatt revy, selt julekort, pizza og kaker, og har no spart opp 70.000 kroner til skuleturen til Polen og Tyskland.
— Me reiser 8. april og kjem heim att 15. april. Me skal sjå konsentrasjonsleirar og besøke nokre kyrkjer, fortel Ben Marvin Grimaas.
— Og så skal me shoppa, skyt Lilly Laurense inn.