Dag Silde i arrangementskomiteen fortel at rundt 300 personar deltok i den 18. Postvegmarsjen, som dette året gjekk frå Skånevik til Etne med målområde ved kulturhuset.
— Det må me seia er brukbart. Det er ikkje rekord, men dei siste åra har talet lege på 200-250 deltakarar. Det som var litt spesielt i år var at det var så mange som gjekk for fyrste gong. Heile 92 personar, det er jo svært positivt, seier Silde. Han kan også fortelja at det var fem personar som gjekk for 18. gong, det vil seia alle gongene Postvegmarsjen har vore arrangert. Dei fem er: Leif Fosse, Arnold Solheim, Frida Larsen, Alf Magnar Jensen og Gurine Jensen.
Det er Etne Sogelag, Skånevik IL, IF Klypetussen, Etne IL og Posten som i fellesskap arrangerer den populære turmarsjen over fjellet, som går i spora til den gamle postvegen.
300 gjekk over fjellet
Dag Silde i arrangementskomiteen fortel at rundt 300 personar deltok i den 18. Postvegmarsjen, som […]